Prosjektleiar (to-årig)

Arbeidsgiver
Trygg Trafikk
Stillingstittel
Er du ein god relasjonsbyggjar og vil jobba med trafikktryggleik?
Frist
10.05.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Er du ein god relasjonsbyggjar og vil jobba med trafikktryggleik?

Prosjektleiar (to-årig)

På oppdrag frå Vestland fylkeskommune søkjer Trygg Trafikk ein toårig prosjektleiar til gjennomføring av prosjektet Trafikksikker fylkeskommune, og oppfølging av Trafikksikker kommune i Vestland fylke.

Trygg Trafikk har eit samfunnsoppdrag: Å oppnå best mogleg trafikktryggleik for alle. Ein viktig del av arbeidet er å informera leiinga i kommunar og fylkeskommunar om ei godt fundert ordning som førebyggjer ulukker lokalt. No treng me ein kollega som står trygt og godt i møte med fagpersonar, og som likar å formidla, engasjera og styra møte og prosessar.

Sjå www.trafikksikkerkommune.no.


Ansvarsområde

  • Leia og styra godkjenningsarbeidet med Trafikksikker fylkeskommune slik at me saman lukkast med prosjektet
  • Vera pådrivar og fagleg rådgjevar slik at alle avdelingar i Vestland fylkeskommune får bistand i arbeidet med Trafikksikker fylkeskommune
  • Vera pådrivar og fagleg rådgjevar for kommunar som jobbar med å få godkjenning som Trafikksikker kommune og jobba for å få nye kommunar inn i samarbeidet
  • Vera pådrivar og fagleg rådgjevar for kommunar som utarbeider kommunale trafikksikringsplanar
  • I samarbeid med andre bidra til å spreia Hjartesone som aktuelt tiltak i Vestland fylke

Kvalifikasjonar me ser etter

  • Høgare utdanning på minimum bachelornivå, men relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
  • Eksempel på relevant erfaring kan vera: Prosjektleiar, eventuelt erfaring med utvikling av mindre og/eller større prosjekter, pådrivar- eller utviklingsarbeid, trafikksikring, HMS, risikovurdering, åtferdspåverknad, folkehelsearbeid eller liknande
  • God kjennskap til offentleg forvaltning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Evne til å samarbeida og inspirera til måloppnåing

Litt om deg:

  • Du står trygt i møte med fagpersonar og inngjev tillit
  • Du likar å formidla, skapa engasjement og styra møter og prosessar
  • Du skriv godt og presist, og munnleg er du klar og tydeleg
  • Du likar å vera på farten og møta folk som gjev deg energi, men trivst òg godt i eige selskap
  • Du er ein strukturert gjennomførar, jobbar kunnskapsbasert og ser gjerne nye løysingar

Oppstart september/oktober 2024


Kva kan du forventa?

Du får påverka prosessar, mykje ansvar og gode moglegheiter til å utvikla deg fagleg og personleg

  • løn etter avtale
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • gode personalforsikringsordningar, inkludert behandlingsforsikring
  • trening i arbeidstida
  • moglegheit for heimekontor etter avtale

I utgangspunktet får du base på Vestlandshuset i Bergen. Alternativt kan me vurdera arbeidsstad i Leikanger. Stillinga fører med seg noko reising i møte med kommunane i Vestland fylke.

Trygg Trafikk vart sertifisert som ein av Noregs beste arbeidsplassar i 2022 og 2024. Organisasjonen skårar høgt når det gjeld omdømme (Kantar 2022) og kom òg best ut i ei undersøking der folk sin tillit til norske verksemder vart kartlagd (Nucleus 2023).

Me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja uansett alder, kjønn og kulturell eller etnisk bakgrunn.
For å søkja stillinga lastar du opp CV og søknad via jobbnorge.no innan 10. mai 2024.


Sammen for en tryggere fremtid

Trafikksikkerheten er summen av en lang rekke faktorer, men den viktigste er oss mennesker. Alle de små og store valgene du og jeg tar hele tiden - hver gang vi ferdes, det kan vi gjerne kalle trafikksikkerhetsarbeid.


Om arbeidsgiveren

Trygg Trafikk arbeider for å oppnå best mulig trafikksikkerhet for alle. Mange er opptatt av sikkerhet i samferdselssektoren, men Trygg Trafikk er den eneste aktøren som kun arbeider med trafikksikkerhet. Trygg Trafikk er bidragsyter til nullvisjonen og retter oppmerksomheten mot alle som blir skadet i trafikken. Nullvisjonen innebærer et delt ansvar mellom myndigheter og trafikanter. Myndighetene skal sørge for at trafikksystemet er så sikkert at feilhandlinger ikke fører til død eller alvorlig skade. Trafikantene skal gjøre sitt beste for å overholde reglene i trafikken og vise aktsomhet.
Trygg Trafikk er pådriver for et sikkert veisystem og bidrar til at trafikantene har kompetanse til å ta sin del av ansvaret. Vårt samfunnsoppdrag er knyttet til trafikkopplæring av barn og unge, informasjon om risikofaktorer og bruk av sikkerhetsutstyr.
www.tryggtrafikk.no

Sektor
Privat
Sted
Lars Hilles gate 22, 5020 Bergen
Bransje
Organisasjoner
Stillingsfunksjon
HMS,
Kvalitetssikring,
Prosjektledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Knut Olav Røssland Nestås
Stillingstittel
Regionleder Trygg Trafikk Vestland
Telefon
41 20 61 32
Kontaktperson
Knut Skjetne
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
95 25 31 14
Følg firma
26 følger dette firmaet

Lars Hilles gate 22, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 349896831
Sist endret 23. apr. 2024 14:14

Rapporter annonse