Det Vestnorske Teateret søkjer lydteknikar i fast 100% stilling.

Arbeidsgiver
Det Vestnorske Teateret
Stillingstittel
Lydteknikar
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast


Om stillinga: 

Det er ei fast 100% stilling ved teateret. Lydteknikaren er organisatorisk plassert under teknisk sjef. 

Lydtekniker er ein av 6 medarbeidarar som arbeider med å rigge, drifte, produsere, og avvikle, framsyningar ved teateret. Ofte tett saman med lyddesignar og-/eller instruktør, og nokre gonger sjølvstendig.  

Arbeidet består mellom anna i å:  

  • planleggje, utvikle, og rigge dei lydtekniske løysingane framsyningane treng 
  • følgje opp det lydtekniske arbeidet på scenen i prøveperioden 
  • avvikle framsyningane på teateret sine ulike scener 
  • sørge for at dei lydtekniske systema og infrastrukturen vert oppdaterte og vedlikehaldne 
  • sjå til kommunikasjonssystema til teateret, det gjeld mellom anna medhør og medsyn 

I periodar kan lydteknikaren òg setjast til andre oppgåver underlagt teknisk avdeling. 

Stillinga inngår i eit teknisk team med flytande samarbeid mellom verkstad, scene, lyd, lys og kostymeverkstad.  

Lydteknikaren arbeider i dag etter gjennomsnittsberekningsavtale, og ein må rekne med kvelds- og helgearbeid, og noko reising. 

 

Me søkjer etter: 

Me søkjer ein person som ynskjer å bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og som kjenner seg igjen i noko av det som er lista opp under: 

Overordna: 

  • Beherskar norsk, skriftleg og munnleg. Språkforståing og evne til å skjøne nyansar i språket vil vere eit av dei viktigaste kriteria lydteknikaren har for å løyse oppgåva med formidling av tekstane teateret skal presentere for publikum. 
  • Beherskar engelsk, då det er fagspråk for alt teknisk utstyr/verktøy. 
  • Har særs god høyrsel. 

Fag:  

  • Utdanning innan lydteknikk, elektro eller andre relevante fag. Realkompetanse kan i nokon grad kompensere for manglande utdanning. 
  • God kjennskap til snapshot/scene programmering i Digico SD Theatre Software. (Teateret nyttar Digico SD9 og SD11 i produksjonane, samt Midas M32 til mindre arrangement) 
  • God kjennskap til avansert programmering i qLab5 
  • Erfaring med store lydproduksjonar med både mangfald av aktørar på scene, og band/orkester i tillegg. 
  • Denne erfaringa må innebere omfattande bruk av trådlaust teknikk som handhaldne mikrofonar, in-ear, og myggmikrofonar (Teateret nyttar Shure Axient)  
  • Bruk og konfigurering av trådlause system (Teateret nyttar Shure WWB) 
  • Erfaring med opptak og DAW for lydredigering og multitracking, samt produksjon av kontentum. 
  • Erfaring med virtual soundcheck. 
  • Erfaring med AoIP (Dante/Ravenna(AES67)) og kunnskap om nettverksbasert AV utstyr 
  • Kunnskap om DHCP og administrerbart nettverk. 
  • Erfaring med oppsett av PA system (Teateret nyttar L-Acoustics A15 på Hovudscenen, med LA Network Manager)  
  • Erfaring med høgtalar plassering for ulike publikumsoppsett (Teateret nyttar Rational Acoustics SMAART til PA tuning). 
  • Kjennskap til intercom systemer, og medhør og medsyn (Teateret nyttar Riedel intercom) 
  • Erfaring med service og vedlikehald av lydutstyr. 
  • Det er ein fordel med kompetanse på områder som akustikk, elektronikk, svakstrøm o.l. 
  • Ein fordel med kunnskapar om TCP/IP og datanettverk. 
  • Det er ein fordel med riggsertifikat eller annan dokumentert opplæring innan rigg av sceneteknisk utstyr. 
  • Du må gjerne ha gjerne ha erfaring med strømming, kamera og videomix, grunnleggjande kunnskap om lys, projeksjon og videoavvikling, og lyddesign, men dette er ikkje noko som er naudsynt for å søkje stillinga. 

Person:  

  • God teknisk innsikt, også utanfor lydfaget. 
  • God fysikk. 
  • God meistring av arbeidspress i hektiske periodar. 
  • Punktleg. 
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter. 
  • Positiv, strukturert, løysningsorientert, fleksibel og serviceinnstilt haldning. 
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team. 
  • Førarkort klasse B er ein fordel. Teateret disponerer mellom anna ein stor varebil. 
  • God kjennskap til HMS-arbeid. 

 

 

Me kan tilby: 

  • Løn etter tariffavtale. 
  • God pensjons- og forsikringsordning. 
  • Avspaseringsordning og god ferieordning. 
  • Ein utfordrande og allsidig jobb i eit triveleg og kreativt miljø. 
  • Varierte arbeidsoppgåver. 
  • Og gode arbeidsverktøy. 

 

Det Vestnorske Teateret ynskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet og utnyttar potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Me oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss. Teateret er underlagt offentleglova. 

Om arbeidsgiveren

Det Vestnorske Teateret er eit nynorskteater for alle som bur på vestlandet. Teateret har fast scene midt i Bergen sentrum, men turnerer òg i regionen. Me har ei sterk satsing på ny dramatikk og ein identitet som er forankra i det vestnorske. Teateret har ei hovudscene og ei blackbox-scene, og i tillegg ei barscene, så det vert produsert og spelt på tre ulike scener i tillegg til noko turnéverksemd.

Teateret har 25 årsverk, fordelt på teknisk avdeling, kunstnarleg lag, og administrasjon. Teknisk avdeling består av om lag 7 årsverk.

Drifta har tilskott frå stat og fylkeskommune, og den største eigaren er Vestland fylkeskommune.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen
Bransje
Event og arrangementer,
Kunst og kultur,
Underholdning
Stillingsfunksjon
Foto, lyd og lys,
Teknisk personell
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Teater, lydtekniker, kunst, arrangement

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torbjørn Hjelmen
Stillingstittel
Teknisk sjef
Mobil
92 02 51 33
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
38 følger dette firmaet

Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 349891340
Sist endret 23. apr. 2024 12:51

Rapporter annonse