Hydro Husnes søkjer fleire engasjerte operatørar til Katode og Anode

Arbeidsgiver
Hydro
Stillingstittel
Operatørar Katode og Anode
Frist
14.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Hydro

Hydro Husnes ligg ved utløpet av Hardangerfjorden, i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, med gode oppvekstsvilkår for born og ungdom. Området kan by på idyllisk skjærgård, høge fjell og isbrear, og det er flotte moglegheiter for fritidsaktiviteter både sommar- og vinterstid. Verket er Norges fjerde største aluminiumprodusent, målt etter årleg produksjonskapasitet på 200 000 tonn elektrolysemetall.

Avdelingane katode og anode er organisert under eining for driftsstøtte, og leverer materiell og støtte til elektrolysen.

På grunn av auka aktivitet har vi no ledig stilling som operatør i begge avdelingar.

Kvifor skal du søke? Du blir ein del av eit dedikert arbeidsfelleskap, men mykje engasjement og vilje til å få ting til. Det er godt arbeidsmiljø, kor latter og samarbeid pregar arbeidskvardagen. Det er gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling.

Arbeidsoppgåver
Som operatør jobbar du både sjølvstendig og i team. I anoden vil hovudoppgåvene vera knytt til vedlikehald, sortere og reparere anodestenger. Du vil kunne få opplæring i andre arbeidsoperasjoner som er relevant for prosessen i anodemontasjen. I katoden vil hovudoppgåvene vera knytt til å bygge og skifte ut elektrolyseomnar. Mange av oppgåvene blir utført med køyretøy og traverskran.

Som operatør skal du og bidra til eit aktivt og førebyggjande HMS-arbeid, samt forbetringar i ditt område.

Kvalifikasjoner

  • Fagbrev innan mekanisk/prosess
  • Mekanisk bakgrunn og sveisekompetanse er positivt
  • Truck- og kransertifikat
  • Førerkort kl. B
  • Gode kommunikasjonsevner i norsk, både munnleg og skriftleg

Me ser etter deg som trivst med ein praktisk og til tider hektisk arbeidskvardag. Du er ein god lagspelar, tek initiativ og deler gode løysingar med kollegaer. Du tenkjer proativt rundt HMS og bidreg til at avdelinga når sine mål.

Stillingen er på dagtid og rapporterer til Områdeleder.

Tilleggsinformasjon
Helse, miljø og tryggleik (HMS) er integrerte deler av Hydro sitt daglege virke. Det er vårt ansvar å verna om våre tilsette si helse, og bidra til ei berekraftig utvikling i våre nærmiljø. Me søkjer difor tilsette som yt eit positivt bidrag til dette, gjennom sunne og medvitne haldningar til HMS og som handlar i tråd med desse

Me tek kun imot elektroniske søknadar, søknadsbrev og CV vert ikkje tekne imot på epost.

Søknadsfrist: 14.05.2024

Viss du har spørsmål kan du kontakte:

Leiar:
Kenneth Blom
+47 91894595

Rekrutterer:
Berit Åkre
+47 92227339



Om arbeidsgiveren

Vil du være med på å forme en bærekraftig fremtid? Med sine 30 000 ansatte verden over og sin tilstedeværelse i en rekke markeder for aluminium og metallgjenvinning, energi, batterier og fornybar energi besitter Hydro unik innsikt, kunnskap og kompetanse. Vi har en stolt historie og ønsker å være ledende i arbeidet med å skape en bærekraftig fremtid ved å utvikle naturressurser til innovative produkter og løsninger. Og det er alle våre dyktige medarbeidere som er vår viktigste suksessfaktor.

Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
5460 Husnes
Bransje
Industri og produksjon,
Metaller og mineraler,
Verksindustri
Stillingsfunksjon
Håndverker / Mekaniker,
Produksjon,
Produksjon / Produksjonsteknikk/Prosessteknikk

Nøkkelord

Operatør, Mekanisk, Produksjonsteknikk, Produksjon, Prosess

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kenneth Blom
Telefon
91 89 45 95
Følg firma
2756 følger dette firmaet

5460 Husnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 349883771
Sist endret 23. apr. 2024 11:36

Rapporter annonse