Vi søkjer deg som ønskjer å ta del i utviklinga av eit sterkt lokalt kulturliv

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Kulturrådgjevar - 100% fast
Frist
13.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

Om stillinga

Me har ledig ei fast stilling som kulturrådgjevar, særleg retta mot musikk, kunst, scene og arrangement. I stillinga vil du ha kontakt kontakt med mange aktørar og jobbe breidt.

Me ser etter deg som brenn for kultur, trivst med å gjennomføre, strukturere og utvikle og som er ein tydeleg fagperson. Er du i tillegg inkluderande og meistrer kunsten å formidle og er tillitsskapande er du den vi søkjer etter.

Du må rekne med noko arbeid på kveld og i helg.

Stillinga er organisert i tenesteområde kultur / kulturutvikling, idrett og frivilligheit. Du trer inn i eit kompetansesterkt og engasjert kollegium, som jobbar med mellom anna scene, musikk, idrett, friluftsliv, kulturarv, kulturhus og frivilligsentralar.

Arbeidsstad er i kommune- og regionssenteret Knarvik, men verkeområdet vil vere heile kommunen.


Arbeidsoppgåver

  • Arrangementsutvikling i kommunen, mellom anna for kultursalane Meieriet Frekhaug og Manger kultursal/kino
  • Utvikling og administrasjon av kulturlokale- og arenaar
  • Fagleg ansvar for den kulturelle skulesekken og spaserstokken
  • Utviklingsprosjekt innan scene, kunst og musikk, som oppfølging av vedtatt politikk
  • Forvaltning, sakshandsaming og styring mot gjeldande lovverk
  • Andre oppgåver kan leggast til stillinga ved behov

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning på masternivå innan kunst og kultur
  • Relevant erfaring med gode resultat frå arbeid og prosjekt innan kunst- og kulturfeltet
  • Svært gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg, målformen er nynorsk
  • Førarkort klasse B

Me vil setje krav til personleg eignetheit, erfaring og engasjement for feltet.


Vi tilbyr

  • Tilsetjingsvilkår etter lov- og avtaleverk
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjon- og forsikringsordningar gjennom KLP
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med høg kompetanse
  • Moglegheit for heimekontor etter gjeldande retningslinjer

Om deg

Vi søkjer deg som:

  • Har erfaring med å jobbe systematisk med arrangementsutvikling
  • Har erfaring med marknadsføring
  • Har erfaring med prosjektutvikling og -gjennomføring (inkl. prosjektøkonomi)
  • Har erfaring med forvaltning og administrasjon
  • Har digital kompetanse

Vi søkjer deg trivst med:

  • fagfokus innan områda scenekunst/musikk/visuell kunst, og erfaring frå marknadsføring og som arrangør
  • samhandling og tilrettelegging, og kombinerer eit tydeleg profesjonelt fagfokus med engasjement som arrangør for det frivillige og profesjonelle scenefeltet
  • å jobbe mål- og resultatorientert og er kvalitetsbevisst
  • å meistre tidvis høgt arbeidspress

Om arbeidsgiveren

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Sektor
Offentlig
Sted
Kvernhusmyrane 26, 5914 Isdalstø
Bransje
Offentlig administrasjon,
Kunst og kultur,
Musikk
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Rådgivning,
Foto, lyd og lys

Nøkkelord

scene, arrangementer, scenekunst, musikk, Utviklingsprosjekt

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eirik Bouwer Utne
Stillingstittel
Tenesteleiar kultur
Telefon
93 41 30 89
Følg firma
414 følger dette firmaet

Kvernhusmyrane 26, 5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 349768840
Sist endret 22. apr. 2024 15:36

Rapporter annonse