Fagansvarlig ingeniør, kvalitet

Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Stillingstittel
Fagansvarlig ingeniør, kvalitet
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Helse Fonna HF

Ynskjer du ein variert arbeidsdag der ingen dag er lik? Dette kan vere arbeidsplassen for deg!

Laboratoriet ved Odda sjukehus har no ledig stilling som bioingeniør. Denne rolla inneber ansvar for laboratoriets kvalitetssystem etter delegasjon frå funksjonsleiaren. Stillinga inneber ei sjølvstendig rolle i vurderinga av kvalitetsspørsmål. Vi tilbyr eit vikariat med gode moglegheiter for fast tilsetjing.

Hos oss blir du ein del av et engasjert og fagleg dyktig team ved Odda sjukehus. Sjukehuset er et mindre akuttsjukehus kjent for sitt tette tverrfaglige samarbeid med dei ulike avdelingane og poliklinikkane. Vi har et godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidare. Du vil få høve til å påverke din eigen arbeidskvardag og bidra aktivt til forbetring og kvalitetsutvikling innanfor våre rammer.

Vi gler oss til å ønske ein ny kollega velkommen vårt team! Ta gjerne kontakt for en uformell prat, eller send inn søknaden din!

Litt om plassen vår: Odda ligg i Sørfjorden i Hardanger og er kjend for sin vakre natur. Her finn du fotturar for alle, som Trolltunga, og andre aktivitetar som brevandring, kajakk, sykling, fruktgårdar, museum og festivalar. Les mer her.


Arbeidsoppgåver

  • Gjere seg kjent med krava i ISO 15189 og jobbe for akkreditering.
  • Identifisere og ta tak i forbedringsområde innan avdelinga med eit løysingsorientert fokus.
  • Tilby råd og veiledning til fagansvarlige, funksjonsleiar og lege i spørsmål om kvalitet.
  • Fungere som ein ressursperson og pådrivar i kvalitetsarbeidet i laboratoriet, i tråd med avdelingen sin strategi og målsettingar.
  • Handtere avdelingens avviksregistrering og avviksbehandling gjennom Synergi.
  • Overvake vedtatte kvalitetsindikatorar.
  • Utføre oppfølging av interne kvalitetskontroller og analysevariasjon.
  • Legge til rette for dokumentert opplæring gjennom avdelinga sin kompetanseportal.
  • Arbeide med utforming av rapporter til ledelsens gjennomgang.
  • Vere aktiv deltakar på møter i Helse Fonna sitt kvalitetsnettverk og interne fagmøter.
  • Utarbeide eindringsprotokoller og bistå med risikovurderinger.
  • Engasjere seg i rutinedrift og delta i vaktordninga.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Det er ønskelig med minimum 5 års erfaring som bioingeniør innan medisinsk biokjemi

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du

  • er nøyaktig og kan jobba effektivt og systematisk
  • har gjennomføringsevne og evne til å ta initiativ
  • har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp til bolig
  • Mulighet for tilrettelagt turnus

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Bioingeniør
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

laboratorie, fagansvarlig, bioingeniør, odda

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Randi Djønne
Stillingstittel
Funksjonsleiar
Telefon
53 65 11 23
Følg firma
158 følger dette firmaet

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Annonseinformasjon

FINN-kode 349756947
Sist endret 22. apr. 2024 14:00

Rapporter annonse