Avdelingsleiar Bryne kompetansesenter

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Ønsker du å jobbe med leiing i vaksenopplæringa, er dette moglegheita for deg! Stillinga er ledig frå 1. august 2024.

Bryne kompetansesenter (BKS) ligg sentralt plassert på Bryne og har nå ledig stilling som avdelingsleiar med ansvar for Førebuande Opplæring for Vaksne (FOV). FOV omhandlar retten til grunnskuleopplæring for vaksne, jamfør opplæringslova § 4A-1. Skulen tilbyr hovudsakleg opplæring for vaksne innvandrarar, og har våren 2024 om lag 500 deltakarar fordelt på FOV- og norskavdelinga.BKS er ein mangfaldig skule med deltakarar frå ulike nasjonar og kulturar. FOV skal legge til rette for fleksibel og tilpassa opplæring slik at deltakarane blir kvalifisert for vidaregåande opplæring og/eller arbeid. FOV-avdelinga gir opplæring på dagtid, mens norskavdelinga gir opplæring på dagtid og ettermiddag/kveldstid. I tillegg har skuleneigne nettkurs som gir opplæring i norsk. Vi samarbeider med Flyktningtenesta Time og Klepp, Flyktningtenesta i Hå kommune og andre vaksenopplæringssentre i regionen.

Som avdelingsleiar vil du leie, legge til rette for og påverke i eit spennande fagfelt. Du vil vera del av eit team med rektor og avdelingsleiar på norskavdelinga, og vil ha ansvar for lærarane på FOV.Du blir del av eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø og me er, for tida, 33 tilsette.

Blir du engasjert av tanken på å vera skuleleiar i dette fagfeltet? Då bør du søke hos oss! Ring gjerne om det er noko du lurer på.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er først og fremst knytt til FOV-avdelinga.Stillingsstorleiken vert, for tida, delt mellom 60 % tid til leiing og 40 % undervisning eller andre oppgåver.

Hovudoppgåvene som avdelingsleiar:

  • Leie og organisere avdelinga, i samarbeid med rektor
  • Leie samarbeidstid på avdelinga
  • Personalansvar og ansvar for handtering av vikarar
  • Koordinere spesialundervisning
  • Aktivt medverke i skulen si leiargruppe om strategi, utviklingsarbeid og organisasjonsutvikling.
  • Delta på utvalde leiarmøte i regi av kommunen, HK-dir og andre samarbeidspartnarar
  • Kartlegging/realkompetansevurdering og innplassering av deltakarar
  • Rettleie og svare på spørsmål om gjeldande lov- og avtaleverk for vaksenopplæring

Ved vesentleg endring av storleiken på FOV (talet på deltakere), kan det bli aktuelt å endre tid til leiing.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning som lærar
  • Undervisningskompetanse i enten norsk, engelsk, matematikk, naturfag eller samfunnsfag
  • Kjennskap til pedagogisk bruk av iPad i undervisninga
  • God generell IT-kompetanse
  • Ønskelig med leiarutdanning; om ein ikkje har dette er det venta at dette vert fullført innan to år.
  • Erfaring frå vaksenopplæring vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Vi tilbyr

  • Ein av dei beste pensjonsordningar i landet!
  • Lønn etter avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Det krevst politiattest ved tilsetjing i stillinga.

Om arbeidsgiveren

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Sted
Torkel Maulands veg 2, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Inspektør
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

avdelingsleder, voksenopplæring, timeskulen

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Ove Tobiassen
Stillingstittel
Rektor
Telefon
40 24 01 69
Følg firma
605 følger dette firmaet

Torkel Maulands veg 2, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 349755068
Sist endret 22. apr. 2024 13:47

Rapporter annonse