Vil du vera med på laget ved Voss ungdomsskule?

Arbeidsgiver
Voss herad
Stillingstittel
Assisterande rektor ved Voss ungdomsskule
Frist
10.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Vil du vera med å setja fotspor i Vossaskulen? Det er ledig 100 % fast stilling som assisterande rektor ved Voss ungdomsskule
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com) Om arbeidsstaden Voss ungdomsskule har om lag 550 elevar og om lag 90 tilsette. Skulen ligg sentralt på Voss, flott plassert med Prestegardsmoen og Vangsvatnet som næraste nabo. Skulen har nyleg fått ny idrettshall og skulebygning som vart ferdigstilt i januar 2024. Voss herad søkjer assisterande rektor som vil bidra til å utvikla Voss ungdomsskule.Du vil vera ein del av leiinga saman med rektor og assisterande rektorar, som har ansvar for kvar sitt trinn. Målet er at alle elevar skal oppleva meistring og læring kvar dag. Du vil vera ein viktig samarbeidspart for rektor og resten av leiinga. Me ser etter ein tilgjengeleg leiar, som motiverer til felles innsats for elevane si læring og utvikling. Du er serviceinnstilt og oppteken av å skapa gode tenester for brukarane. Ditt bidrag gjer at me saman når måla våre i vossaskulen.

Arbeidsoppgåver
  • Personalansvar og leiing av eitt av trinna ved skulen
  • Del av stillinga vil vera tillagt noko undervisning - ca 30 % stilling
  • Bidra med å utvikla profesjonelle læringsfellesskap
  • Forvalta skulen sine ressursar på ein måte som sikrar god trivsel og læring for elevar og tilsette
  • Fylgja opp heradet sine satsingar og nasjonale føringar for grunnskuleopplæringa

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare pedagogisk utdanning
  • Du har gode digitale ferdgiheiter
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
  • Leiarerfaring vil vera ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Du har eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk, med god innsikt i forsking på skuleleiing og evnar å nytte denne kunnskapen i praksis.

Du er ein god lagspelar som saman med rektor kan stå fram og visa retning. Du trivst saman med ungdom og let deg motivera av å sjå resultat og godt samspel. Du er oppteken av å byggja gode relasjonar med elevane, føresette og dei tilsette du er næraste leiar til.

Me tilbyr
  • Ein arbeidskvardag som gjev meining
  • Ein spanande og utviklande jobb i ei kunnskapsbedrift med høg kompetanse
  • Ein skule som er oppteken av felles kollektiv kompetanseheving og kvalitetsutvikling
  • Gode støttefunksjonar innan fag, personal og økonomi
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.

Om arbeidsgiveren

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor
Offentlig
Sted
Olavsvegen 5, 5700 Voss
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

rektor, oppvekst

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Else Berit Kyte
Følg firma
170 følger dette firmaet

Olavsvegen 5, 5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 349742849
Sist endret 22. apr. 2024 12:31

Rapporter annonse