Det Lokale Eltilsyn (DLE ) søker tilsynsingeniør

Arbeidsgiver
Telemark Nett
Stillingstittel
Tilsynsingeniør
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Som fylgje av naturleg avgang lyser vi ut 1 stilling som:

TILSYNSINGENIØR

Du vil vera vårt ansikt i møte med våre kundar. Me søkjer deg som tek ansvar, har høg arbeidskapasitet og er på jakt etter ei spennande og sjølvstendig stilling i eit solid energikonsern.

Arbeidsoppgåvene er primært tilsynsarbeid etter føringar i årleg instruks frå DSB og "Forskrift om det lokale elektrisitetstilsyn og sakkyndige som utfører oppgaver for netteier" (FDLE). Andre oppgåver kan bli pålagt.

Kvalifikasjonskrav for stillinga er regulert av gjeldande forskrift (FEK2013 §10).

I tillegg må søkjar ha førarkort kl. B. Reisegodtgjersle etter selskapets til kvar tid gjeldande reiseregulativ.

Stillinga krev at ein må kunne jobbe sjølvstendig, ha gode samarbeidsevner, og evna til å opptre profesjonelt og ryddig i kontakt med våre kundar. Arbeidsoppgåvene krev at du ein stor del av kvardagen er på tilsynsarbeid ute hos Telemark Nett sine kundar, så du må ha god kunnskap om bruk av digitale hjelpemiddel.

Me kan tilby:

· Ein spanande og fagleg interessant stilling med varierte utfordringar.

· Høve til å jobbe i eit dedikert DLE team med erfarne fagfolk.

· Gode mogelegheiter for vidareutvikling.

· Konkurransedyktige vilkår og gode forsikrings- og pensjonsordningar.

· Konkurransedyktig løn og gode pensjons- og velferdsordningar.

· Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor.


Søknad med CV og kopi av dei viktigaste vitnemål/attestar vert å sende pr. e-post til firmapost@vtk.no. Merk: Søknad Tilsynsingeniør

Om arbeidsgiveren

Telemark Nett AS vart stifta i 1940 som Vest-Telemark Kraftlag og er eigd av Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje kommunar. I dag er Telemark Nett dotterselskap av Vest-Telemark Kraftlag Holding AS. Hovudkontoret er i Høydalsmo i Tokke kommune. Lokalavdeling i Treungen i Nissedal kommune. Telemark Nett AS har eit samla nett (lågspent og høgspent) på over 3000 km for å forsyne sine 15.500 nettkundar . Konsernet hadde i 2023 ei omsetning på 535 mill.kr og om lag 60 tilsette.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester,
Industri og produksjon,
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Håndverker / Elektriker,
Ingeniør / Elektroingeniør,
Teknisk personell
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Elektrisk anlegg, Eltilsyn, DLE, Elsikkerhet, Elkraft

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tor Ivar Berge
Stillingstittel
Tilsynsleiar
Mobil
95 98 24 61
Kontaktperson
Svenn-Erik Rafoss
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
91 24 74 29
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
9 følger dette firmaet

Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo

Annonseinformasjon

FINN-kode 349306306
Sist endret 19. apr. 2024 16:19

Rapporter annonse