Ynskjer du å vere med å vidareutvikle vår satsing i Førde?

Arbeidsgiver
SpareBank 1 SMN
Stillingstittel
Finansrådgiver
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med SpareBank 1 SMN

Dei siste åra har vi opplevd ein eventyrleg vekst og stor pågang av nye kundar, både lokalt i Sunnfjord og i resten av Vestland. Vi er ein bank i rivande utvikling, og ser etter deg som brenn for god rådgjeving, relasjonsbygging, og for å skape dei aller beste kundeopplevingar.


Som finansrådgjevar blir du ein del av det sterke fagmiljøet i SpareBank 1 SMN som jobbar saman for å få ting til å skje. Hos oss er kompetansedeling, lokalt nærvær og aktivt arbeid i marknaden ein viktig del av kvardagen. Vi veit kundane våre set pris på at vi tilbyr enkle og moderne digitale løysningar, og likar at vi er til stades, nære og dyktige for å gje tryggheit ved økonomiske vegval. Vi har lokale fullmakter som gir effektive avgjerdsprosessar.


På kontoret vårt i Førde vil du bli en del av team på sju, der vi har ein kultur preget av flat organisasjonsstruktur og har ein fleksibel arbeidskvardag som du kan være med på forme sjølv. Hos oss er det høgt under taket og vi har ein arbeidsplass som legg til rette for både profesjonell og personleg utvikling. Her får du fridom under ansvar, innanfor rammene av tillit og forventningar. Vi legg vekt på sjølvstende og initiativ, og ser etter deg som ønsker å navigere i den fridomen dette ansvaret gir.


Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Økonomisk rådgjeving med fokus på å finne gode løysningar saman med kunden, og som passar deira livssituasjon og framtidsplanar
  • Bidra i arbeidet med å rekruttere nye kundar til regionens beste bank
  • Bevare og utvikle bankens kundeportefølje gjennom god og rask kundehandsaming
  • Bidra til teamet sin suksess ved at du tar ansvar for eige arbeid og eigne mål, delar kompetanse og hjelper andre i teamet


Så, kven ser vi etter?

Vi trur du har gode føresetnadar for å lukkast hos oss om du:

  • Har erfaring med kunderetta rådgjeving og rådgjevande sal
  • Er ein relasjonsbyggar og dyktig på kommunikasjon
  • Har eit ønske om å utgjere ein forskjell for kundar og kollegaer
  • Er autorisert eller er læringsvillig innanfor kreditt, forsikring og sparing
  • Ønskeleg med relevant utdanning


Vi har spurt oss sjølv – kvifor skal du som leser denne annonsen ha lyst til å jobbe hos oss?Vi kan tilby:

  • Ein kultur prega av meistring, engasjement, vilje til kontinuerleg forbetring og utvikling, læring og deling av beste praksis
  • Hos oss får du ein arbeidsgjevar som eigast av lokalsamfunnet – som er opptekne av å gje attende til samfunnet og gjere det til ein betre plass å bu!
  • Moglegheit til å bli medeigar i Sparebank 1 SMN gjennom eige tilsettprogram!
  • Karrieremoglegheiter, vekst og utvikling av medarbeidarane er viktig for oss - vi legg til rette for kontinuerleg kompetanseauke. Dette kan vere gjennom spennande prosjekt eller nye moglegheiter innad i konsernet. Vi er store nok til at det er mange moglegheiter internt, og liten nok til at ein blir lagt merke til!
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eigen personalbank med gode lånevilkår
  • Tilgang til firmahytter, sosiale arrangement, aktivitetar og bedriftsidrettslag
  • En arbeidsgjevar som er oppteken av mangfald, inkludere, sosialt ansvar og berekraft


Om dette høyrast interessant ut oppmodar vi deg til å søke, eller ta kontakt med banksjef Anders Fosse Neteland på telefon 93267321.

PS! Vi inviterer fortlaupande til intervjuar, så ikkje nøl med å sende inn søknad! NB! Vi gjer merksam på at det for enkelte stillingar hos SpareBank 1 SMN kan bli aktuelt å innhente ytterlegare informasjon om deg som kandidat. Vi gjennomfører kredittsjekk ved sakleg grunn, og for enkelte stillingar ber vi om politiattest i medhald til heimlar i lov om finansforetak og lov om forsikringsformidling samt stadfesting frå Brønnøysundregistrene om at arbeidstakar ikkje er under konkursbehandling, konkurskarantene eller gjeldsforhandling. Tilsettinga er tinga av at det ikkje oppdagast tilhøve som er til hinder for utøving av stillinga.

Om arbeidsgiveren

SpareBank 1 SMN er det ledende finanskonsernet i Trøndelag og på Nordvestlandet. Vi er lokalisert i 42 kommuner rundt omkring i regionen og har hovedkontoret vårt i Trondheim. Som lokal og selvstendig sparebank føler vi et spesielt ansvar for å stimulere til vekst og trivsel i regionen vår. Vår visjon "Sammen får vi ting til å skje" betyr at vi ønsker å skape resultater og utvikling i samarbeid med våre kunder, partnere og ildsjeler i lokalsamfunnet. Bærekraft og sosialt ansvar er en viktig del av vår identitet. Vi er til sammen 1700 ansatte som jobber med bank, eiendomsmegling og regnskap. Felles for ansatte er at vi alle brenner for å skape gode kundeopplevelser.

Sektor
Privat
Sted
Langebruvegen 9, 6800 Førde
Bransje
Bank, finans og forsikring,
Konsulent og rådgivning,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Rådgivning,
Økonomi og regnskap

Nøkkelord

Finansrådgiver, Økonomi, Bank, Finans, Rådgiver

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anders Fosse Neteland
Stillingstittel
Banksjef
Telefon
93 26 73 21
Følg firma
718 følger dette firmaet

Langebruvegen 9, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 349304071
Sist endret 19. apr. 2024 17:06

Rapporter annonse