Fagansvarleg arealplan

Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Fagansvarleg arealplan
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Plan og forvaltning har fagområda byggesak, plan, geodata og landbruk. Me treng ein fagansvarleg for vårt team av fire arealplanleggjarar. Faggruppa behandler private planforslag, utarbeider kommunale reguleringsplanar, og bidreg i kommunens overordna planarbeid.

Me søkjer etter deg som har kompetanse og engasjement for gjennom gode planprosesser og arealplanar leggja rammer for ein god stads- og samfunnsutvikling til beste for innbyggjarar, miljø, klima og næringsliv.


Arbeidsoppgåver

  • Du skal sørga for at arealplanlegginga har ein høg fagleg standard
  • Du vil leia arbeidet med å vidareutvikla gode og effektive planprosessar
  • Du skal bidra til gode medvirkningsprosessar og eit godt samarbeid internt i kommunen
  • Du vil vere saksbehandlar for ulike typar reguleringsplanar

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant høgare utdanning
  • Du har relevant erfaring frå privat eller offentleg sektor
  • Du har gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
  • Du har gode datakunnskapar

Ved tilsetting vil personlege eigenskapar og interesse for fagområdet bli tillagt stor vekt.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i PDF-format, saman med søknaden din. Utanlandske vitnemål må vere NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utanlandske attestar oversette til et skandinavisk språk eller engelsk.Vi gjør merksam på at dokumentasjon på blant anna avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke og kan gi utteljing på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

Me arbeider tett med kvarandre, andre avdelingar i kommunen, myndigheiter, utbyggarar, konsulentar, naboar mm. Det er difor viktig at du har gode samarbeidsevner, er konstruktiv og serviceinnstilt. Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.

Vi tilbyr

  • Spennande og varierte oppgåver med rom for fagleg utvikling.
  • Ein sjølvstendig stilling, der du i stor grad kan påverke eigen arbeidskvardag
  • Konkurransedyktig lønn. Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø


Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar. Løn i samsvar med lokal lønnspolitikk

Om arbeidsgiveren

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
 
Visjonen vår er "Med blikk for alle".  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Sektor
Offentlig
Sted
Solavegen 1, 4351 Kleppe
Bransje
Arkitektur, areal og interiør
Stillingsfunksjon
Arkitekt og planlegging / Arealplanlegger
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Fagansvar, Plan, Arealplanlegging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trygve Valen
Stillingstittel
Plan og forvaltningssjef
Telefon
97 97 87 17
Følg firma
244 følger dette firmaet

Solavegen 1, 4351 Kleppe

Annonseinformasjon

FINN-kode 349302950
Sist endret 19. apr. 2024 15:38

Rapporter annonse