Vi søker ein jurist med interesse for forvaltingsrett og personvern

Arbeidsgiver
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Stillingstittel
Jurist - rådgivar/seniorrådgivar
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med AID! Velkommen til våre sider!

Jurist - rådgivar/seniorrådgivar

Om stillinga

Vi har ledig ei fast stilling som jurist i Budsjett- og styringsavdelinga, seksjon for strategi og styring av Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Seksjonen koordinerer departementet si operative og strategiske styring av Arbeids- og velferdsdirektoratet. I tillegg skal vi i aukande grad sjå samanhengen i departementet si regelverksstyring som vedkjem NAV. Seksjonen har ansvar for lov om arbeids- og velferdsforvaltinga (NAV-lova) og trygderettslova og utvikling av desse lovene som følge av samfunnsutviklinga.


Arbeidsoppgåver

Som jurist hos oss vil du jobbe med juridiske vurderingar knytte til den teknologiske utviklinga i samfunnet. Dette handlar mellom anna om deling av data og spørsmål om personvern. Du vil òg jobbe med alminnelege forvaltningsrettslege spørsmål som klagesaker frå underliggande verksemder og innsyn. Jobben inneber at du skal vere med å utvikle rammevilkåra for NAV, mellom anna gjennom å sette i gang, ta del i og leie prosessar og arbeidsgrupper, gi juridisk støtte i avdelinga og samarbeide godt og tverrfagleg med kollegaer i andre seksjonar og avdelingar.

Seksjonen har ikkje like hyppig lov- og forskriftsarbeid som andre avdelingar i departementet. Du må difor vere interessert i å handtere andre oppgåver i seksjonen, i rolla som etatsstyrar og som sekretariat for den politiske leiinga.


Kva slags bakgrunn har du?

Du må ha

  • juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
  • erfaring frå arbeid med utvikling av regelverk

Det er ønskeleg om du har

  • relevant erfaring med juridiske spørsmål knytt til personvern, teieplikt og alminnelege forvaltingsrettslege spørsmål
  • kunnskap om lovgiving på trygdeområdet
  • erfaring frå tverrfagleg arbeid
  • god forståing for politiske prosessar

Alle søkarar må laste opp vitnemål og attestar. Vi ber om at du bruker vitnemålsportalen til å laste opp vitnemål.

For å bli tilsett må du kunne autoriserast for handsaming av informasjon gradert AVGRENSA etter tryggingslova.

Vi bruker Semac bakgrunnssjekk i utvalde rekrutteringsprosessar.


Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som

  • er analytisk
  • tek initiativ og har gjennomføringsevne
  • samarbeider godt
  • evnar å tenke heilskapleg og bidrar inn i tverrfaglege samanhengar
  • kan uttrykke deg presist og godt, både munnleg og og skriftleg

Som medarbeidarar i departementet skal vi vere fagleg engasjerte, ta ansvar, vere gode lagspelarar og utvikle og forbetre.


Kva får du hos oss?

  • Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaar. Vi legg vekt på å gi ansvar og tillit, men òg rettleiing i eit godt arbeidsfellesskap.
  • Du vil få nærleik til politiske avgjerder.
  • Om du blir tilsett som rådgivar eller seniorrådgivar, avheng av kvalifikasjonane og erfaringa di.
  • Lønn vil ligge mellom 548.600 og 845.900 kroner (lønnstrinn 56-79) avhengig av kvalifikasjonane dine. Er du særleg godt kvalifisert til stillinga, kan vi vurdere høgare løn.
  • Som tilsett i staten får du mellom anna fleksitid, sommartid og pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse som òg har eit av marknaden sine rimelegaste bustadlån.
  • Du får òg høve til å trene i arbeidstida.

Les dette før du søker

  • Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
  • Arbeidsspråket er norsk.

Om arbeidsgiveren

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, inntektspolitiske spørsmål, arbeidsrett, arbeidsmiljø og sikkerheit, inkluderingspolitikken, pensjonspolitikken og velferdspolitikken. Departementet forvaltar rundt ein tredel av statsbudsjettet.Vi er om lag 250 tilsette fordelt på sju avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Budsjett- og styringsavdelinga koordinerer, kvalitetssikrar og følger opp departementet sitt arbeid med statsbudsjettet, forsking og utvikling, kommunikasjonen med Riksrevisjonen, tverrgåande oppgåver knytte til styringa av dei underliggande verksemdene og høyringssaker. Avdelinga har òg ansvaret for styringa av Arbeids- og velferdsetaten og Trygderetten, økonomiforvaltinga i departementet og samfunnstryggleiken i sektoren.

Sektor
Offentlig
Sted
Akersgata 64, 0180 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Camilla Landsverk
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Telefon
40 24 05 96
Følg firma
887 følger dette firmaet

Akersgata 64, 0180 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 349298034
Sist endret 19. apr. 2024 15:05

Rapporter annonse