NLR søkjer rådgjevar i Noregs største frukt- og bærdistrikt

Arbeidsgiver
NLR SA
Stillingstittel
Rådgjevar frukt og bær
Frist
10.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Mellom fjord og fjell, med spektakulære naturopplevingar tett på er det ledig 1 fast stilling som frukt- og/eller bærrådgjevar. Har du god interesse for frukt- og bærdyrking, gjerne ein bachelor- eller mastergrad innan plantevitskap, kan du vere den personen region Vest i NLR ynskjer for stillinga. Relevant praksis kan kompensere for manglande utdanning.

Som nytilsett vil du arbeide tett saman med dei andre rådgjevarane i faggruppe for frukt og bær. Opplæring i arbeidsoppgåvene vil bli gitt. Stillinga vert helst plassert ved kontor som NLR SA har på Njøs frukt- og bærsenter i Sogndal kommune. På nemnte kontor er det sterkt og aktivt fagmiljø, med fast tilsette rådgjevarar som har god erfaring innan fagfeltet.  

 Arbeidsoppgåver

Rådgjeving til frukt- og bærdyrkarar innan gjødsling, plantevern, beskjæring, fruktkvalitet, nyetablering, økonomi osv  

Planlegge og gjennomføre fagmøte, demonstrasjonar, kurs og prosjekt 

Informasjonsverksemd 

Registreringsarbeid i samband med forsøk, plantevern og prognosar  

Andre oppgåver etter avtale.  

Vi tilbyr

Varierte, utviklande og interessante arbeidsoppgåver i eit aktivt fagmiljø med tru på frukt- og bærnæringa 

Dyktige og positive kollegaer med høg fagleg kompetanse 

Gode høve for fagleg utvikling  

Stor grad av fleksibilitet og ansvar  

Løn etter avtale 

Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Vi ynskjer ein medarbeidar med

Interesse for, og gjerne erfaring/kompetanse innan frukt- og/eller bærdyrking  

Universitets- eller høgskuleutdanning innan agronomi, biologi el.tilsv. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.

Initiativ, engasjement og gode samarbeidsevner  

Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig  

God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk 

Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd 

Søknadar blir behandla fortløpande.

Om arbeidsgiveren

Norsk Landbruksrådgiving SA (NLR) er et landsdekkende samvirkeforetak med 24.000 medlemmer og 370 medarbeidere. Med 6 regionavdelinger og rundt 100 kontorsteder har NLR sterk lokal og tilstedeværelse. NLR er bindeledd mellom forskning og landbruket, og innhenter, utvikler og samordner kunnskap som rådgiverne formidler til næringsutøvere i landbruket.
Våre rådgivere jobber med rådgiving og utviklingsoppgaver innen jord- og planteproduksjon, økonomi, regnskap, HMS, maskinteknikk, hydroteknikk, presisjonslandbruk, landbruksbygg, fornybar energi, klima og miljø. Vår visjon er “kompetanse for framtida”. Vi leverer aktuell, kunnskapsbasert, objektiv og helhetlig rådgiving, og er en attraktiv samarbeidspartner for landbruket.

Nettverk
Facebook
Sektor
Samvirke
Sted
Njøsavegen 5, 6863 Leikanger
Bransje
Jordbruk og skogbruk,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Agronom,
Rådgivning
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

NLR, landbruk, frukt, bær, hagebruk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stine Huseby
Stillingstittel
Faggruppeleiar frukt og bær
Mobil
48 04 04 98
Kontaktperson
Åse Leirgulen
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Mobil
90 96 77 26
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
19 følger dette firmaet

Njøsavegen 5, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 349291715
Sist endret 19. apr. 2024 15:12

Rapporter annonse