Brenner du for landbruk, og har ynskje om å være ein framtidsretta rådgjevar?

Arbeidsgiver
NLR SA
Stillingstittel
Rådgjevar grovfôr
Frist
10.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Grunna god tilgang på oppdrag søker NLR etter rådgjevar i 100 % stilling innan fagområdet grovfôr. Stillinga skal dekke rådgjeving i området Sunnmøre. Kontorplass på NLR sitt kontor i Ålesund kommune.

Som grovforrådgjevar vil du i stor grad utforme din eigen kvardag. Du får fagleg og personleg utvikling i stillinga i tillegg eit godt samarbeid med gode kollegaer og kundar i området.

Hovudoppgåva for stillinga er individuell rådgjeving i jord- og plantekultur til medlemane i NLR. NLR vil styrke nye fagområde, og ynskjer søkjar med interesse for, og kompetanse også innan klimarådgjeving og sirkulærøkonomi.

Rådgjevaren blir tilslutta Faggruppe jordbruk, og vil arbeide i eit offensivt landbruksfagleg miljø med rådgjeving, kursverksemd, informasjon og kunnskapsutvikling.

NLR tilbyr bøndene tett oppfølging og rådgjeving, med fokus på god agronomi, miljø- og klimavenleg produksjon. Rådgjevarane i NLR skal vere gode støttespelarar for medlemane, slik at dei oppnår eit godt økonomisk resultat i gardsdrifta.  

Søkjar med lite eller ingen praksis som rådgjevar, får tilbod om opplæring og oppfølging.


Arbeidsoppgåver:

Rådgjeving og informasjon til medlemane våre

Utvikle rådgjevingstilboda i regionen saman med andre rådgjevarar og samarbeidspartnarar

Planlegge og gjennomføre fagmøte, kurs, prosjekt og feltforsøk

Utarbeide gjødselplan og jordprøvetaking

Vere oppdatert på siste nytt innan aktuelle fagområde


Vi tilbyr:

Variert og utviklande arbeid i eit aktivt fagmiljø med tru på landbruksnæringa

Gode høve for fagleg utvikling og etterutdanning

Stor grad av fleksibilitet og ansvar

Løn etter avtale

Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi ynskjer medarbeidar med:

God kunnskap og kompetanse innan jord- og plantekultur, spesielt grovfôrdyrking

Universitets- eller høgskuleutdanning innan agronomi/plantevitskap, gjerne med praktisk erfaring

Interesse for å utvikle landbruket i regionen

Initiativ, engasjement og gode samarbeidsevner

Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team

God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd.


Søknadar blir behandla fortløpande.

Om arbeidsgiveren

Norsk Landbruksrådgiving SA (NLR) er et landsdekkende samvirkeforetak med 24.000 medlemmer og 370 medarbeidere. Med 6 regionavdelinger og rundt 100 kontorsteder har NLR sterk lokal og tilstedeværelse. NLR er bindeledd mellom forskning og landbruket, og innhenter, utvikler og samordner kunnskap som rådgiverne formidler til næringsutøvere i landbruket.
Våre rådgivere jobber med rådgiving og utviklingsoppgaver innen jord- og planteproduksjon, økonomi, regnskap, HMS, maskinteknikk, hydroteknikk, presisjonslandbruk, landbruksbygg, fornybar energi, klima og miljø. Vår visjon er “kompetanse for framtida”. Vi leverer aktuell, kunnskapsbasert, objektiv og helhetlig rådgiving, og er en attraktiv samarbeidspartner for landbruket.

Nettverk
Facebook
Sektor
Samvirke
Sted
Klaus Nilsens gate 14, 6003 Ålesund
Bransje
Jordbruk og skogbruk,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Agronom,
Rådgivning
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

NLR, landbruk, plantekultur, grovfôr, jord

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kolbjørn Taklo
Stillingstittel
avdelingsleiar
Mobil
91 39 65 60
Kontaktperson
Fredrik Fjose
Stillingstittel
regionleiar
Mobil
90 54 07 85
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
19 følger dette firmaet

Klaus Nilsens gate 14, 6003 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 349283702
Sist endret 19. apr. 2024 15:13

Rapporter annonse