Inaktiv

Ledig stilling som lønnskonsulent i Aukra kommune

Arbeidsgiver
Aukra kommune
Stillingstittel
Lønnskonsulent
Frist
06.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Økonomiavdelinga i Aukra kommune har ledig stilling som lønskonsulent i 100% fast stilling.


OM EININGA

Stillinga er plassert i Økonomiavdelinga som er ein del av kommunedirektørens stab. Avdelinga har fagleg ansvar for oppgåver knytt til økonomi, løn, innkjøp, finansforvaltning og eigedomsskatt. Avdelinga er ein viktig støttefunksjon ut mot kommunen sine verksemder.


Økonomiavdelinga har oppgåver knytt til verksemdstyring gjennom ansvar for prosess og utarbeiding av budsjett- og økonomiplan, årsrapport og driftsansvar for kommunens system "Framsikt"


Lønsområdet har ansvar for å utbetale rett lønn til rett tid, krevje inn refusjonar og foreta lovpålagt rapportering av arbeids og lønsdata til offentlege instansar og tredjepartar. Ein viktig del av dette er å kvalitetssikre at lov og avtaleverk vert etterlevd. Vidare støtter vi avdelinga sitt arbeid og prosess ved utarbeiding av budsjett og økonomiplan, rapportering, analyser av avvik og årsrapport.


ARBEIDSOPPGÅVER:

Vi har systemansvar for løn og personalsystemet Visma Enterprise HRM, som og er kommunen sitt masterdata-system for all tilgangsstyring.


Oppgåvene vil omfatte, men er ikkje avgrensa til:

  • Sakshandsaming, støtte og opplæring til leiarar i lønsrelaterte spørsmål
  • Etablere og sikre kvalitet på grunnlag for utbetaling av fast og variabel løn
  • Kontroll av utlegg og reiserekningar jf momskompensasjon og reiseregulativ
  • Kontroll av fråværsdata frå forsystemer
  • Oppfølging av refusjonskrav for sjukepengar og maksdato mot NAV og leiarar
  • Rapportere, kontrollere og avstemme mot regnskap, årsoppgjør


KRAV TIL SØKJAR

Relevant utdanning på bachelornivå innan f.eks økonomi og administrasjon eller politikk, juss og administrasjon. Lengre relevant erfaring med lønsarbeid kan kompensere for manglande utdanning på bachelornivå

Det vil bli lagt vekt på søkjaren si samla kompetanse og om søkaren er personleg eigna for stillinga.

Søkjar må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne, og god IT-kompetanse.


Vi ønskjer oss ein medarbeidar som;

-trivest med oppgåver knytt til løn/fråvær og systemtekniske løysingar.

-har kjennskap til KS tariffområdet og interesse for problemstillingar innan området løn og i skjæringspunkter mellom løn og arbeidsrett

-er nytenkande, nysgjerrig og set seg raskt inn i nye oppgåver

-jobbar strukturert, er nøyaktig og løysingsorientert

-har blikk for dei viktige detaljane og ser heilskap og samanheng av desse

-kan jobbe sjølvstendig og effektivt, og levere innan gitte tidsfristar

-samarbeider godt med andre, er fleksibel og jobbar godt i ein hektisk kvardag.

-deler eigen kompetanse og ser og verdsett andre si kompetanse.

-Er positiv og omgjengeleg, og ønskjer å være ein bidragsytar til det gode arbeidsmiljøet vårt


VI TILBYR:

Eit godt fag- og arbeidsmiljø


  • Anledning til fagleg fordjuping og vidareutvikling av eige arbeidsfelt
  • Løn etter avtale
  • Fordelaktige pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Sporadisk heimekontor etter avtale

Om arbeidsgiveren

Aukra kommune Økonomiavdelinga
Økonomiavdelinga har ein samla økonomifunksjon med ansvar for løn, rekneskap,budsjett og finans. Avdelinga er i utvikling, og derfor har vi no bruk for din kompetanse. Vi har eit godt og triveleg arbeidsmiljø, med god lagånd og "stå på" vilje i hektiske periodar. Meistringsorientert leiing med fokus på rolleavklaring, kompetansebygging og sjølvstende legg grunnlag for løysinga av avdelinga sine oppgåver.

Sektor
Offentlig
Sted
Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
Bransje
Offentlig administrasjon,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Konsulent,
Kontor og administrasjon,
Kontor og administrasjon / Kontorarbeid
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

lønn, lønnskonsulent, lønnsmedarbeider

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erna Lovise Varhaugvik
Stillingstittel
Økonomisjef
Telefon
71 17 15 00
Mobil
97 56 07 33
Kontaktperson
Katrine Langnes
Stillingstittel
Fagleiar lønn
Mobil
48 25 69 24
Følg firma
3 følger dette firmaet

Nyjordvegen 12, 6480 Aukra

Annonseinformasjon

FINN-kode 349149742
Sist endret 7. mai 2024 00:00

Rapporter annonse