Inaktiv

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Os ungdomsskule
Stillingstittel
Undervisningsstillingar Os ungdomsskule
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Ledige undervisningsstillingar, faste og vikariat, frå 01.08.2024.

Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20. Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad
Os ungdomsskule ligg sentralt til i Os sentrum, har 60 tilsette og 483 elevar fordelt på 5-6 klassar på kvart trinn.

Arbeidsoppgåver
Kontaktlæraroppgåver og undervisning i fleire fag på ungdomstrinnet.

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vera NOKUT-godkjent.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stilling.

Eigenskapar
Vi ser etter medarbeidarar som:
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital opplæring
- er fleksibel og har evne til å finna gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skapa gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer

Skulen har særleg behov for kompetanse innan faga norsk, engelsk, matematikk, naturfag, kroppsøving, kunst og handverk og musikk
Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtalar
Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen

For undervisningsstillingar kan du lesa meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil søkaren bli varsla om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Oshaugen 6, 5202 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

Lærar, Lærer, Lektor, Undervisning, Undervisningsstilling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Diana Voinea Johansen
Telefon
90 65 28 47
Følg firma
484 følger dette firmaet

Oshaugen 6, 5202 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 349131461
Sist endret 1. mai 2024 00:00

Rapporter annonse