Studiekoordinator

Arbeidsgiver
Universitetet i Stavanger
Stillingstittel
Studiekoordinator
Frist
02.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Universitetet i Stavanger

Studiekoordinator

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig vikariat som studiekoordinator ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, fakultetsadministrasjonen, dedikert til Institutt for barnehagelærarutdanning. Vikariatet er ledig fram til og med 31.7.2025. Tilsetting snarast.

Som studiekoordinator vil du få ein variert, interessant og travel kvardag der du jobbar tett på studentar som tar barnehagelærarutdanning. Du vil inngå i den administrative staben med studie-, praksis- og eksamenskoordinatorar som støttar dei vitskapelege tilsette i drift og utvikling av barnehagelærarutdanning (bachelor), mastergradutdanning i barnehagevitskap, doktorgradsutdanning samt etter- og vidareutdanningsverksemd for barnehagelærarar. Instituttet har og ansvar for eit halvårleg studieprogram for utvekslingsstudentar, Comparative Educational Studies. Det er i dag 60 tilsette og 700 studentar ved instituttet.


Hovudoppgåver

  • sakshandsaming og koordinering av fag- og studiesaker i utdanningane ved instituttet
  • oppfølging av internasjonale tiltak
  • mottak og oppfølging av nye studentar
  • oppfølging av studentassistent og mentorordningane

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning på minimum bachelornivå innanfor relevant fagområde. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • erfaring med administrasjonsarbeid, gjerne innanfor utdanningssektoren
  • erfaring med bruk av relevante IT-verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 550 000 - 650 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar (https://www.uis.no/nb/ny-ved-uis) på våre nettsider

Mangfald

Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når vi har ulike bakgrunnar og erfaringar, kan vi sjå utfordringar frå fleire vinklar og finne betre løysingar.

På UiS er vi opptatt av å vise respekt for kvarandre med dei ulikskapane vi har, og vi legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Vi tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar.

Om du synest stillinga er interessant, oppmodar vi deg til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ei tid.

Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar me minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår.

Les meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her (https://www.uis.no/nb/om-uis/jobb-ved-uis-sokeprosessen#/).

Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne.


Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til kontorsjef Olav Kylland tlf 51834239, e-post: olav.kylland@uis.no eller til studiekoordinator Karin Berner, tlf: 51833470, e-post: karin.berner@uis.no

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til Grete Marnburg, tlf: 51833545, e-post: grete.marnburg@uis.no


Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25 (https://lovdata.no/lov/2006-05-19-16/§25). Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grønn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.
Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora er den viktigaste institusjonen i regionen for utdanning av lærarer til barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, høgskule og universitet. Fakultetet tilbyr også grunnutdanning innanfor språk, religion, historie, samt åtte masterprogram og to doktorgradsutdanningar. Fakultetet har ein nasjonal posisjon innanfor forsking og undervisning i lese- og skrivevanskar og åtferdsvanskar gjennom Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) og Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret) og Kunnskapssenter for utdanning (KSU). Fakultetet samarbeider med Utdanningsdirektoratet, kommunar og fylke om etter- og vidareutdanning.Totalt har fakultetet om lag 3.300 studentar og 390 tilsette fordelte på fakultetsadministrasjonen, Institutt for barnehagelærarutdanning, Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk, Institutt for kultur- og språkvitskap, Lesesenteret, Læringsmiljøsenteret og Kunnskapssenter for utdanning.

Sektor
Offentlig
Sted
Ullandhaug, 4036 Stavanger
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Rådgivning,
Saksbehandler

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Grete Marnburg
Stillingstittel
HR-rådgiver
Telefon
51 83 35 45
Kontaktperson
Olav Kylland
Stillingstittel
Kontorsjef
Telefon
51 83 42 39
Følg firma
1162 følger dette firmaet

Ullandhaug, 4036 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 349111333
Sist endret 18. apr. 2024 15:19

Rapporter annonse