Inaktiv

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Nore Neset barneskule
Stillingstittel
Undervisningsstillingar ved Nore Neset barneskule
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har ledig:

  • 100% fast undervisningsstilling frå 01.08.24
  • 3 x 100% vikariat undervisningsstilling frå 01.08.24 31.07.25
  • 50% vikariat undervisningsstilling frå 01.08.24 31.07.25

Det er i tillegg mogleg at skulen vil trenge ytterlegare stillingar. Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda våre er Trygge og gode skulemiljø og lesing som grunnleggjande ferdigheit på alle trinn LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad
Nore Neset barneskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik.

Skuleåret 2024-25 vil skulen ha om lag 309 elevar. Saman om læring summerer opp kjerneverdiane våre: at elevane våre skal oppleva anerkjenning, tryggleik og meistring.
Du kan lese meir om Nore Neset barneskule på nettsida vår: www.noreneset.no

Arbeidsoppgåver
Undervisning på barnetrinnet, samarbeid med kollegaer og føresette, aktiv deltaking i kommunen og i skulen sitt utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent. Det vil sei at du må kunne vise til både:
- "godkjenning av utenlandsk høyere utdanning"
- "godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage"
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Vi ønsker oss medarbeidarar som har:
- god fagleg kompetanse og vilje til å prøve ut nye arbeidsmetodar
- er ein tydeleg, trygg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er pliktoppfyllande og kan arbeide sjølvstendig
- bidreg til inkludering og godt læringsmiljø
- er fleksibel oghar evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega

Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. Søkarane vil bli vurderte i høve til kvalifikasjon, personlege eigenskapar og skulen sine behov.

Vi tilbyr

- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse;Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Skeismyra 2, 5217 Hagavik
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

Lærer, Lærar, Lektor, Undervisning, Undervisningsstilling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ann Irene Brunvoll
Telefon
93 82 12 16
Følg firma
484 følger dette firmaet

Skeismyra 2, 5217 Hagavik

Annonseinformasjon

FINN-kode 349110699
Sist endret 29. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse