Kategoriansvarleg Frukt og Grønt

Arbeidsgiver
Encon
Stillingstittel
Kategoriansvarleg
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Om føretaket: Encon er eit fullsortiments grossistselskap som forsyn eit bredt spekter av kundar. Me ynskjer å satse stort på avdelinga vår for frukt og grønt.

I samband med denne satsinga ynskjer me no å tilsetje ein kategoriansvarleg for frukt og grønt for å styrke satsingsområdet. Dette er ei nyoppretta stilling der du har moglegheit til å påverke din eigen arbeidsdag.

Me søkjer ein strukturert og kvalitetsmedviten person til vårt team, som har god kompetanse innan frukt og grønt.

 

Arbeidsoppgåver:

·      Lagerstyring og kontroll av frukt og grønt.

·      Kvalitetskontroll og sikring.

·      Overvake kvalitet på frukt og grønsaker gjennom heile distribusjonsprosessen, frå innkjøp til levering til kundar.

·      Kontakt med kundar for oppfølging og sal.

·      Skape gode haldningar og bygge eit godt arbeidsmiljø.

 

Kvalifikasjonar og forventingar:

·      Erfaring med frukt og grønt.

·      Gode IT-kunnskap.

·      God på kunderelasjonar.

·      Fleksibel.

·      Du er strukturert, effektiv, ansvarsbevisst og løysningsorientert.

·      Ha fokus på kontinuerleg forbetring for å gi kunden best mogleg oppleving av våre produkt.

·      Støtte og inspirasjon til andre kollegaer.

·      Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ.

·      God kjennskap til mattryggleik og hygienestandardar.

 

Kva du kan forvente av oss:

·      Ordna løns- og arbeidsvilkår.

·      Moglegheit til å påverke di eiga stilling og struktur.

·      Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.

 

Om du har rett bakgrunn og ynskjer å vere ein del av vårt team, send inn søknad og CV til camilla@encon.no.

Etter eventuelt intervju vil det vere behov for referansar. Søkarar vil bli handtert fortløpande.

Sektor
Privat
Antall stillinger
6
Sted
Dalsmoen 5, 5709 Voss
Bransje
Butikk og varehandel,
Transport og logistikk
Stillingsfunksjon
Innkjøp/forhandling,
Kvalitetssikring,
Logistikk og lager
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

innkjøp, frukt og grønt, lagerhold, kategoriansvarlig, kvalitetssikring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Camilla Øyjord
Stillingstittel
Daglig leder
Mobil
92 02 09 43
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
9 følger dette firmaet

Dalsmoen 5, 5709 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 349096972
Sist endret 18. apr. 2024 06:26

Rapporter annonse