Psykologspesialist / erfaren psykolog  ved Statens Barnehus i Bergen

Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Stillingstittel
Psykologspesialist / psykolog
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Politiet

Statens Barnehus Bergen har ledig to faste stillingar i 100% som psykologspesialist SKO 1304 i barnefagleg team. Ved mangel på kvalifiserte søkjarar som psykologspesialist vil vi vurdere tilsetjing i stiling som psykolog SKO 0794.Det kan òg vere aktuelt å tilsetje i lavere stillingsprosent ( minimum 50%).

Statens Barnehus Bergen og avdeling Førde består for tida av 19 tilsette. Gjennom aktiv samhandling skal vi sørgja for tryggleik, god helse og rettstryggleik for overgrepsutsette barn og vaksne med utviklingshemming. Barnehusene har i 2024 fått utvida mandat og tilbodet skal inkludera unge mistenkte for seksuallovbrot. Vi er eit tverretatleg samarbeidstiltak som formidlar kunnskap innan feltet og fremjar samarbeid med andre instansar. Hos oss får du vere ein del av ein utfordrande og spennande arbeidsplass der kompetanse og evne til samarbeid og god kommunikasjon blir høgt verdsett.

Du blir ein del av barnefagleg team saman med øvrige seniorrådgjevarar og psykologspesialist. Det faglege arbeidet blir leia av seksjonsleiar for Statens Barnehus og avsnittsleiar for barnefagleg team.

I tillegg til barnefagleg team har vi fem konsulentar og ein teamleiar for administrativ støtte og tekniske oppgåver, og ein av konsulentane er lokalt tilsett ved avdeling Førde.

Statens Barnehus er ein del av Felles eining for førebygging i Vest Politidistrikt. Det blir arbeidd på tvers av alle fagmiljø i politiet som arbeider med utsette barn og unge, samt med relevante fagmiljø som jobbar med overgrepsutsette barn og vaksne med utviklingshemming.

Fast arbeidstad for stillinga er i Bergen, men noko reiseverksemd og arbeid ved avdeling Førde må påreknast.


Arbeidsoppgåver

  • Ta vare på Barnehusets intensjon om å setje barnet i sentrum i det tverrfaglege og tverretatlege samarbeidet.
  • Bidra til samarbeid før, under og etter tilrettelagte avhøyr av barn, ungdom og sårbare vaksne
  • Bidra med barnefagleg/psykolog kompetanse i tilrettelagte avhøyr av barn og ungdom/sårbare vaksne
  • Saksansvarleg/kontaktperson for barnet og pårørande i det tverrfaglege arbeidet
  • Vurdere om barnet har behov for oppfølgjing eller behandling i etterkant av avhøyret
  • Psykologen har eit særskilt ansvar for vurdering av suicidrisiko og henvisningar til spesialisthelsetjenesta
  • Bidra med psykologfagleg kompetanse i barnefagleg team
  • Traumekartlegging
  • Terapi og behandling i tråd med "Felles retningslinjer for Barnehusene"
  • Rettleiing/rådgjeving til omsorgspersonar og andre instansar
  • Undervisning/dela kompetanse internt og eksternt
  • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid med relevante instansar i heile fylket
  • Bidra til fagutveksling innan fagfeltet eller i opplæringsøyemed
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • Utdanning som psykolog med norsk autorisasjon
  • Godkjend spesialitet i klinisk barne- og ungdomspsykologi eller andre relevante spesialitetar
  • Relevant erfaring
  • Ved tilsetjing som psykolog er det ikkje krav om godkjend spesialitet
  • Erfaring med tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vi ønskjer i tillegg at du har:

  • Minimum 5 års relevant arbeidserfaring frå minst eit av følgjande fagfelt: psykisk helsevern for barn ogunge, familievern, barnevern, førebyggjande helsearbeid blant barn og unge, eller born og vaksne med utveklingshemming
  • Erfaring med målgruppa og kompetanse innan traumefeltet
  • Erfaring med undervisning, familiearbeid, flerkulturelt arbeid eller arbeid med psykisk utviklingshemma
  • Språkferdigheiter i eit anna framandspråk

Du må ha plettfri vandel og være skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Personlege eigenskaper

  • Evne til å handtera og hjelpa mennesker i krisesituasjonar
  • Evne til å arbeida sjølvstendig, vere løysingsorientert og fleksibel
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner med ulike fagpersonar, på tvers av fag og etat
  • Evne til å arbeida strukturert, målretta og etterretteleg
  • Evne til å handtera tidvis høgt arbeidspress og å handtera emosjonelt belastande arbeid
  • Evne og vilje til å fremje til fagutvikling innan feltet

Som medarbeidar i politiet og Statens Barnehus er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeidarplattform.

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere ein del av samfunnsoppdraget som politiet forvalter
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga blir lønna som som psykologspesialist (SKO 1304), i spennet frå ltr ltr 82/ 919 200,- til ltr 85/ 996 000,- kr brutto per år eller som psykolog ( SKO 0794) i spennet frå ltr 67/ 657 300,- til ltr 75/ 759 100,- kr brutto
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no/ for meir info)
  • Gode arbeidsvilkår (til dømes fleksibel arbeidstid, sommartid, trening i arbeidstida o.l.)

Generelt

Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette."

Vi ber om elektronisk søknad via lenka.

Ref. nr: 24/62656

Om arbeidsgiveren

Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Allehelgens gate 4, 5016 Bergen
Bransje
Helse og omsorg,
Politi og sikkerhet
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

psykolog, psykologspesialist, Barnehus, Statens barnehus

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristin Konglevoll Fjell
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
93 25 56 84
Kontaktperson
Seksjon for HR
Stillingstittel
Spørsmål om elektronisk CV/søknad
Følg firma
3830 følger dette firmaet

Allehelgens gate 4, 5016 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 349009056
Sist endret 18. apr. 2024 09:59

Rapporter annonse