Me søkjer Ortopediingeniør til Førde

Arbeidsgiver
Ortopediteknikk
Stillingstittel
Ortopediingeniør
Frist
07.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Sidan 1980 har Ortopediteknikk vore ein pionér og leiande innan ortopediteknikk i Noreg. Vi gjer ein skilnad. Vi vil være førstevalget, og hos oss har vi som mål at alle pasientar skal oppnå fridom gjennom fysisk rørsle.


Vi har ingen leverandørbindingar og vel våre løysingar berre ut frå faglege vurderingar. Ortopediteknikk er eit norsk selskap, og vi vel å ha størst mogleg produksjon og verdiskaping i eige hus. Vårt omdøme er viktig, vi går gjerne føre, og aldri på akkord med etikk eller regelverk. Vi tenkjer at gode prosessar fører til gode resultat.


Vi søkjer no ein ortopediingeniør til avdelinga vår i Førde. Avdelinga har 6 dyktige kollegaer som jobbar i eit fellesskap som deler kunnskap med kvarandre og bransjen. Vi har eit ryddig og godt forhold til kvarandre, pasientane våre, og samarbeidspartnarane våre.


Vi ser etter kollegaer som vernar om kvaliteten i tenestene våre. Vi skal skape resultat for våre pasientar og stoltheit hjå våre kollegaer. Hos oss seier vi at - Mennesker er sine historier, vi er med når dei skrivast.


Vi ynskjer ein kollega som:

  • Er oppdatert og interessert i digital utvikling i faget.
  • Er fagleg dyktig og har gode samarbeidsevner.
  • Er engasjert i sine kollegaer og likar å jobbe i tverrfaglege team.
  • Er sjølvstendig og har stor gjennomføringsevne.
  • Kommuniserer open, ynskjer nye idear velkomne og er tillitsvekkande.


Vi er ein arbeidsgjevar som:

  • Gir medarbeidarar fridom til å løysa arbeidsoppgåvene på sin måte.
  • Rommar og respekterer forankra verdiar og moderne trender.
  • Ser på ulikskap som ei styrke.
  • Tar ansvar for rekruttering av nytt fagpersonell med turnus, lærlingeplassar og studentar.
  • Er ein aktiv pådrivar for utvikling av faget.

Om arbeidsgiveren

Ortopediteknikk er ein av Noregs største ortopeditekniske verksemder. Nesten 160 dyktige tilsette, leverer hjelpemiddel til over 30.000 brukarar årleg. Vi er norske, privateigde, og har klinikkar i store delar av landet. Med høg individuell kompetanse, i bevisst samansette team, utviklar vi vår verksemd i takt med dei teknologiske endringane bransjen krev.

Kvifor velje Førde?

Alle dei tilsette med unntak av ei, bur i Sunnfjord. Med sine over ti tusen innbyggjarar, vakkert plassert i Vestland fylke, ligg byen Førde omgitt av fjell på alle kantar. I Førde står kunst- og kulturlivet sterkt, og det er ein by med stødig næringsliv, skular, helseinstitusjonar og eiga flyplass.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde
Bransje
Helse og omsorg,
Industri og produksjon,
Medisinsk utstyr og rekvisita
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Ortopediingeniør
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

ortopedi, protese, ortose, ortopediteknikk, ortopediingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Åsa Roth
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
98 29 52 15
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
31 følger dette firmaet

Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 348836765
Sist endret 17. apr. 2024 08:16

Rapporter annonse