Business Controller - Telemark Bilruter AS - Seljord

Arbeidsgiver
TELEMARK BILRUTER AS
Stillingstittel
Business Controller
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med - Skagerak Consulting AS
Business Controller, Telemark Bilruter AS, SeljordTelemark Bilruter AS er eit konsern med hovudkontor i Seljord kommune i Vest-Telemark. Verksemda er eit stort og viktig selskap for regionen, og har ambisjonar om vekst og berekraftig utvikling. Me søkjer nå ein erfaren og resultatorientert Business Controller med sterke analytiske evner som vil vere med på vår reise.  Du vil bli ein del av leiargruppa i konsernet og jobbe saman med ein dyktig stab som er stolte av arbeidsplassen sin og som gjer sitt beste for at TBR skal vere kundane sitt førsteval. Er det deg me ser etter?
 

Ansvar og arbeidsoppgåver:

  • Økonomisk rapportering og analyse for alle selskapa i konsernet
  • Budsjettering
  • Oppfølging av kostnader og økonomiske indikatorar
  • Tett samarbeid med dei andre selskapa i konsernet for å sikre optimal ressursutnytting.
  • Delta i prosjektregnskap og kostnadsanalyser
  • Utvikle og kontinuerleg forbetre ulike modellar for budsjettering, rapportering og oppfølging.
  • Tett samarbeid med rekneskapsførar
 

Dine kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Bachelorgrad innan økonomi, rekneskap eller tilsvarande
  • Minimum 3 års relevant erfaring frå liknande stilling
  • Gode analytiske ferdigheiter og evne til å tolke tal
  • God systemkompetanse og svært gode ferdigheiter i Excel
  • Sjølvstendig, strukturert og nøyaktig arbeidsstil
 

Me tilbyr:

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Store utviklingsmoglegheiter både personleg og fagleg 
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Konkurransedyktige vilkår

For meir informasjon om stillinga, kan du kontakte ein av våre rådgjevarar i Skagerak Consulting: Geir Nordvold telefonnummer 938 28 100 eller Cathrine Svendsen, telefonnummer 926 06610.

For å unngå svindelforsøk, vil vi presisere at vi aldri ber om BankID-informasjon i søknadsprosessen.

Skagerak Consulting AS er ein unik, tverrfagleg rådgjevingsmiljø. Vi jobbar med å utvikle menneske og organisasjonar for å skape varige forbetringar og verdiar i offentlege og private verksemder. Vårt arbeid er basert på ein kombinasjon av dokumentert metodikk, praktisk erfaring og sunn fornuft.
Les meir om Skagerak Consulting AS her: www.skc.no

Om arbeidsgiveren

Telemark Bilruter (TBR) er eit transportkonsern med sterk tradisjon, men samtidig ei framtidsretta bedrift som har tatt betydelege steg for utvikling dei siste åra.
Konsernet består no av åtte dotterselskap som er involvert i gods, buss, verkstad, eigedom og tenester. Med nærare 170 tilsette har konsernet stor aktivitet over store delar av Sør-Noreg.
Selskapet har nyleg flytta inn i heilt nye lokale i Seljord, der det er etablert ein ny verkstad for alle køyretøy og ein eigen gods-terminal.
Vi har også nyleg flytta inn i nye lokale på Rødmyr i Skien, der to av våre dotterselskap har hovudkontor. TBR legg stor vekt på å bli ein leiande og berekraftig aktør i ein transportbransje som er under stor utvikling. Vi vart derfor tidleg medlem av Grønt Landtransport Program (GLP), som bidrar til å hjelpe oss mot nullutslepp.
Selskapet har til saman 247 lasteinheiter i konsernet, med stort fokus på overgang til ein framtidsretta og grøn bilpark.

Sektor
Privat
Sted
Industrivegen 1, 3840 Seljord
Bransje
Bil, kjøretøy og verksted,
Økonomi og regnskap,
Transport og logistikk
Stillingsfunksjon
Analyse,
Økonomi og regnskap / Controller,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

Controller, Økonomi og styring, Økonomi og finans, Økonomi og regnskap, Økonomioppfølging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Cathrine Svendsen
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
92 60 66 10
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Geir Nordvold
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
93 82 81 00
Følg firma
2864 følger dette firmaet

Industrivegen 1, 3840 Seljord

Annonseinformasjon

FINN-kode 348823361
Sist endret 16. apr. 2024 09:31

Rapporter annonse