Inaktiv

Psykolog/psykologspesialist

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Psykolog/psykologspesialist
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Vil du vere med på laget vårt?

Vi har eit breitt og godt fagmiljø, og vi er ein sosial gjeng der tilsette tar initiativ til sosiale aktiviteter både felles og innad i teama.
Vi har no behov for fleire psykologar/psykologspesialister, og vi gir rekrutteringstillegg for både psykologar og psykologspesialister.

Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar somhar moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. Poliklinikken har behov for å videreutvikle sin kompetanse på fleire ulike områder. For tida er aktuelle satsningsområder videreutvikling av kompetanse på psykoselidingar, traumelidingar, spiseforstyrring og behandling av samansette rus og psykiske lidingar (ROP).Det er ønskjeleg med kompetanse innanfor desse områda, men dersom ein ikkje har spesifikk kompetanse innanfor desse, vil detleggjast til rette for kompetanseheving. Kompetanse på behandling av andre lidingar innan psykisk helsevern er også ønskjeleg.

Poliklinikken har i dag 55,5 stillingar og er ein almennpsykiatrisk poliklinikk. Av dette er det 13,5 stillingar som psykologspesialist. Vi har organisert verksemda i fleire ulike team. Desse er eit almenpsykiatrisk team, eit oppfølgingsteam (psykoseproblematikk), eit ROP team og eit avklaring- og utgreiingsteam. I tillegg har vi eit ambulant akutteam og eit FACT-team. Begge desse er lokalisert utanfor poliklinikken.

Vi ønskjer å gå i dialog med dei som vert tilsett i forhold til deira sine preferansar om teamtilknytning, og kva fagområde ein ønskjer å jobbe vidare med.Vi er ein poliklinikk i endring, og du vil med å jobbe her få store mogelegheiter for å vere med å vidareutvikle det polikliniske tilbodet.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing/diagnostisering og behandling, både sjølvstendig og i samarbeid med tverrfagleg team
  • Vidareutvikling av behandlingstilbodet
  • Rettleiing internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist
  • Psykologar som ikkje er ferdig med spesialisering kan også søkje da det vert lagt til rette for fullføring av spesialisering
  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Psykolog med lisens kan også søkje, det vert lagt til rette for å få norsk autorisasjon
  • Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
  • Sertifikat klasse B (personbil)

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert og målretta
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du trivst i eit aktivt arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel,nytenkjandeog løysingsorientert
  • Du kommuniserer godt både internt og eksternt
  • Du liker å arbeide sjølvstendig og i tverrfagleg team
  • Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø der vi samlast til felleslunsj på pauserommet, vi inviterer til frokost og er på tur i nærområdet
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg psykologer på kr 50 000,- pr. år/100% stilling, og for psykologspesialister kr 80 000,- pr. år/100% stilling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Psykologar som nærmar seg ferdig spesialisering vil kunne vurderast for konstituering som spesialist
  • Dekking av flytteutgifter etter gjeldande reglement
  • Studiepermisjon 4 mnd kvart 5. år for spesialistar
  • Internundervisning og gode moglegheiter for vidare- og etterutdanning
  • Tilrettelagt for rettleiing og kurs som er medrekna for å vedlikehalde spesialiteten
  • For ikkje-spesialistar vil vi legge forholda til rette for å fullføre spesialisering
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Området har mye natur å by på, varierte turmuligheter i både skog, fjell og fjord. Her er det gode miljø innenfor klatring og friluftsliv og det er nylig etablert et innendørs klatresenter. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, samt hurtigbåt med fleire daglege avgangar til Trondheim.

Les meir om Kristiansund og Nordmøre herVisit Nordvest|Kristiansund
Instagram
KULTURBYEN KRISTIANSUND
#nordmørepå Instagram

Om arbeidsgiveren




Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 
 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Hagan 9, 6516 Kristiansund N
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jørgen Lægreid
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
92 84 90 56
Følg firma
210 følger dette firmaet

Hagan 9, 6516 Kristiansund N

Annonseinformasjon

FINN-kode 348808595
Sist endret 29. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse