Inaktiv

Rektor 100% fast

Arbeidsgiver
Øygarden kommune Tjeldstø skule
Stillingstittel
Tjeldstø skule
Frist
29.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Om avdelinga

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.

Om skulen:

Tjeldstø skule er ein barneskule med 102 elevar og 19 tilsette skuleåret 2024-2025.
Skulen ligg lengst nord i Øygarden kommune, om lag 40 km frå Straume sentrum. Du kan lese meir om skulen her.

Vår visjon er "Ingen Utanfor" med kjerneverdiane -tillit, ansvar og lærelyst.
Skulen er ein Leksebevisst skule med fokus på lesing. Dette betyr at heimearbeidet i hovudsak er lesetrening. Satsingsområda dei komande skuleåra er lesing og DDI (digital didaktikk og inkludering med Statped). Vi er også med i DeKomp i samarbeid med UIB
Tjeldstø skule er ein DUÅ skule (Dei utrulege åra), der vi har sosiale mål grunna på DUÅ-prinsipp.
Skulen blei bygd i 2015 og er ein moderne og godt utrusta skule med god plass. Fine klasserom, mange spesialrom som sløyd-, kunst og handverk-, leire-, mat og helserom og stor gymsal.

Skulen ligg nær natur og sjø. Vi har utesymjing på timeplana kvar veke frå februar til november, i tillegg har vi uteskule kvar veke på alle trinn. Å bruke naturen rundt oss i undervising og i SFO er viktig for vår skule.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie det pedagogiske utviklingsarbeidet

  • Økonomiansvar

  • Forvaltningsoppgåver

  • Overordna personalansvar

  • Utvikle skulen som ein lærande organisasjon

  • Samarbeide med politisk og administrativt nivå

  • Samarbeid med andre instansar

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet

  • Undervisningskompetanse frå grunnskule

  • Pedagogisk kompetanse

  • Leiarerfaring, gjerne frå grunnskule

  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskja kvalifikasjonar:

  • Relevant leiarutdanning

  • Erfaring innan personalleiing og økonomistyring

  • Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging

  • God IKT-kompetanse

Vi ser etter deg som

  • Er tydeleg, løysningsorientert og har fokus på organisering

  • Har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede

  • Har evne til å samarbeide, lytte , rettleie og skape gode relasjonar

  • Har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • IA verksemd

  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer

  • Interessante utfordringar

  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Skulesjef oppvekst Jon Erik Egeland 915 20625
Noverande rektor Tjeldstø skule Linda Færestrand 90629025

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Tjeldstø skule ligg på Tjeldstø, i Øygarden kommune, om lag 50 minutt frå Bergen sentrum. Skulen har dette året 74 elevar. Skulen var ny i 2015. Då blei skulane Alvheim og Bakken slått saman til Tjeldstø skule. Skulen er ein ny og moderne skule med fine og lyse klasserom, gode lokaliteter og funksjonelle spesialrom.Nærmområdet rundt skulen er flittig brukt til uteskule, utesymjing, fiske frå land og båt, skulehage og turar i skog og mark.

Sektor
Offentlig
Sted
Neset 25, 5336 Tjeldstø
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linda Færestrand
Telefon
56 38 55 03
Følg firma
323 følger dette firmaet

Neset 25, 5336 Tjeldstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 348728281
Sist endret 30. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse