Har du lyst til å jobbe med internasjonale utviklingsspørsmål?

Arbeidsgiver
Norec
Stillingstittel
Programrådgivar
Frist
02.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Programrådgivar

Har du lyst til å jobbe med internasjonale utviklingsspørsmål?

Brenn du for å legge til rette og drive god saksbehandling? Då kan det hende vi har jobben for nettopp deg! Vi ser etter ein person som trivst med å rettleie, og saksbehandle Norec sine tilskot til organisasjonar innan sivilsamfunn.

Ei anna sentral arbeidsoppgåve er å følge opp prosjekta Norec gir tilskot til, blant anna gjennom prosjektbesøk i ulike delar av verda. Prosjekta som får tilskot frå Norec blir gjennomført som partnarskap mellom aktørar innan sivilsamfunn, næringsliv og offentleg sektor i utvalde samarbeidsland verda over.

Norec har også tverrfaglege arbeidsgrupper internt, der du som programrådgivar vil få ansvar og oppgåver ut frå kompetanse og faglege interesseområde. For å lykkast i jobben som programrådgivar må du vere god på samarbeid, like å jobbe i team og trivast med mangfald.

Programrådgivarane våre har kontakt med partnarskap over heile verda, og det er difor viktig at du har gode språkferdigheiter og formidlingsevner, i tillegg til god kulturforståing.


Vil du vite meir om korleis det er å jobbe i Norec?

Lurer du på korleis ein typisk arbeidsdag i Norec ser ut? Eller lurer du på korleis arbeidsmiljøet vårt er?

Ta gjerne kontakt med programrådgivar Karoline på e-post, og spør om det du vil vite meir om.


Kvalifikasjonar:

  • relevant høgare utdanning, til dømes innan samfunnsvitskap
  • minst to års relevant arbeidserfaring kompetanse innan forvalting, helst erfaring med tilskotsforvalting eller annan type prosjektforvalting
  • gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Andre språk er ein fordel
  • det er ønskeleg med internasjonal arbeidserfaring, bistandskompetanse eller kunnskap om det globale sør

Norec stiller krav til personleg integritet og evne til å vise respekt for andre. Vi legg vekt på at du er personleg eigna.


Hos oss får du:

  • oppgåver der du får brukt alt du kan - og litt til
  • eit lærande kollegium der det er rom for å prøve og feile
  • gode velferdsordningar
  • fleksibel arbeidstid og høve til å jobbe frå heimekontor to dager i veka
  • moglegheit for trening i arbeidstida
  • høve til å søke om bustadlån i Statens pensjonskasse

Stillinga blir lønna etter avtale innanfor statens lønnsregulativ som rådgivar/kode 1434 frå kr. 540.500 - 646.000. Lønnsplassering vil avhenge av utdanning og erfaring.

Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.


Om deg

Vi ser etter deg som liker ein variert arbeidskvardag. Du trivst med folk rundt deg, og evnar å ta ansvar og initiativ. Det er mykje sjølvstendig arbeid i stillinga, så du må kunne prioritere og ha god gjennomføringsevne. For å lykkast i jobben må du like å jobbe i team, vere samarbeidsorientert og omgjengeleg.

Norec er ein verdibasert arbeidsplass, og vi vil vektlegge personleg integritet og evne til å vise respekt for andre.


Les dette før du søker:

  • Vi trur at mangfald gjer oss betre til å løyse oppgåvene våre. Difor ønsker Norec medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
  • Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju. Avkryssinga i jobbportalen blir berre brukt til anonymisert statistikk.
  • Søkarlistene vert offentlege når søknadsfristen er ute. Dersom du vil bli unntatt den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje vert teke til følge.

Om arbeidsgiveren

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit forvaltningsorgan underlagt Utanriksdepartementet. Norec held til i Førde, mellom fjell og fjordar på det vakre Vestlandet.Norec gir tilskot til internasjonale samarbeid som jobbar for å nå berekraftsmåla til FN. Vi er eit kompetansesenter for utvekslingssamarbeid, og gir unge menneske internasjonal arbeidserfaring og kunnskap innan berekraftig utvikling.
Meir enn 220 bedrifter, institusjonar og organisasjonar i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg er del av det internasjonale nettverket vårt.Les meir om Norec på www.norec.no

Sektor
Offentlig
Sted
Fjellvegen 9, 6800 Førde
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler,
Samfunnsviter,
Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sille Lukowski
Stillingstittel
Seksjonsleiar, Sivilt samfunn (NGO)
Telefon
45 20 64 82
Kontaktperson
Camilla E. Valvik
Stillingstittel
Seniorrådgivar HR
Telefon
98 01 76 14
Følg firma
364 følger dette firmaet

Fjellvegen 9, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 348721059
Sist endret 15. apr. 2024 15:16

Rapporter annonse