CISO/IKT-sikkerheitsrådgjevar

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
CISO/IKT-sikkerheitsrådgjevar
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Brenn du for sikkerheit og digitalisering? Er du ein pådrivar for at sikkerheit er integrert med utviklingavdigitale tenester? Vil du vere med å vidareutvikle korleis vi jobbar med risikobasert utvikling? Vi søker deg som har erfaring og kompetanse frå arbeid med sikkerheit, risikovurdering og bygging av sikkerheitskultur.

Saman med dei som har fagkunnskap innan beredskap, personvern og ROS-analyse, vil du som CISO/IKT-sikkerheitsrådgjevar jobbe sektorovergripande, i tillegg til å jobbe inn mot seksjonane IKT og digitalisering. Som CISO/IKT sikkerheitsrådgjevar vil du få varierte og utfordrande oppgåver, ansvar på ein spanande arbeidsplass og vere med å utvikle sikkerheitsteamet i Vestland fylkeskommune.

Stillinga er fast, og er i seksjon sikkerheit og støttetenester, i avdeling for IKT og digitalisering. Seksjonen er organisatorisk plassert i avdeling for IKT og digitalisering, og har avdelingsansvar for HR,økonomi, internkontroll, beredskap, personvern, prosjektleiing, IKT sikkerheit og dokumentasjonsforvaltning.


Arbeidsoppgåver

  • Rådgjevar i IKT-sikkerheitsspørsmål i linje og prosjekt
  • Gjennomføre og følgje opp tekniske ROS-vurderingar, og etterkvart setje krav til iverksetting avverdivurdering og ROS-analyser
  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar knytt til informasjonssikkerheitsområdet. Bygge sikkerheitskulturog bidra til at sikkerheit vert ein integrert del av utviklingsarbeidet og grunndesignet for applikasjonanevåre
  • Fortløpande vurdere potensielle sårbarheiter og rapportere til leiinga
  • Bidra i handtering av uønska hendingar og fasilitere IT-beredskapsøvingar
  • Delta i utvikling av nye løysingar og kontinuerleg forbetring av eksisterande løysingar
  • Forvalte og vidareutvikle styringssystemet for informasjonssikkerheit, herunder prosessar og styrandedokumentasjon
  • Sørge for gjennomføring av revisjonar og tekniske sikkerheitstestar
  • Vere med å vidareutvikle sikkerheitsteamet i Vestland fylkeskommune

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • Relevant høgare utdanning på masternivå innan IT- og informasjonssikkerheit, IKT, samfunnssikkerheit og/eller tilsvarande. Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • Arbeidserfaring innan IKT sikkerheit
  • God kjennskap til informasjonssikring og personvern

Det er ein fordel med:

  • Kjennskap til CISSP, ISO 27001, CISA eller tilsvarande
  • Kjennskap til TOGAF og ITIL
  • Vere fagleg oppdatert på trusselbilete og trendar innan IT-sikkerheit
  • Kjennskap til sikkerheitslova
  • Kunnskap om og/eller erfaring frå offentleg forvaltning

Personlege eigenskapar

  • Du trivast med samarbeid på tvers av fagområde, etablerer gode relasjonar og tillit i ulike fagmiljø og
    på ulike nivå i organisasjonen
  • Held deg fagleg oppdatert og deler av eigen kompetanse for å bidra til utvikling av fagmiljøet
  • Har evne til å motivere og inspirere medarbeidarar for å kunne bygge eit samhandlande miljørundtdeg Jobbar sjølvstendig
  • Løysings- og resultatorientert
  • Strukturert og analytisk med stor gjennomføringsevne
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Du trivast med å kommunisere jamleg medulikenivå i organisasjonen, og er flink til å synleggjere arbeidet ditt.

Vi tilbyr

Hos oss får du faglege utfordringar og personleg utvikling i eit sterkt tverrfagleg miljø. Vi har rammer somsikrar deg ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid.
Vi er IA-bedrift med gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Vi veit at mange ønsker seg ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbeheimanfrå og møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt legge til rette for.

Her kan du bli betre kjent med oss:Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune

Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.

Verdt å merke seg
Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.

Stillingsnemning vert spesialkonsulent/ingeniør/rådgjevar/seniorrådgjevar eller spesialkonsulent fastsettpå grunnlag avkvalifikasjonar og erfaring.

Administrasjonsmålet til fylkeskommunen er nynorsk.

Arbeidsstad er anten Leikanger eller Bergen.

Litt reiseaktivitet må påreknast, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova §25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli førtpåoffentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varslaførsøkarlista vert offentleggjort

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 2, 6863 Leikanger
Flere arbeidssteder
  • Lars Hillesgate 22, 5020 Bergen
Bransje
IT
Stillingsfunksjon
IT utvikling / IT-sikkerhet
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
John Arne Lillestøl
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
93 02 49 59
Følg firma
1076 følger dette firmaet

Askedalen 2, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 348719195
Sist endret 16. apr. 2024 09:00

Rapporter annonse