Vil du arbeide som helsesjukepleiar i Alverskulane?

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Helsesjukepleiar i skulehelsetenesta
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

Helsesjukepleiar i skulehelsetenesta

Om stillinga

I Alver kommune er det no ledig 100% fast stilling i skulehelsetenesta frå midten av august 2024. I skulehelsetenesta møter ein barn og ungdom og deira familie i ulike livssituasjonar, og fokuset vårt er på det helsefremjande og førebyggjande arbeidet i møte med alle barn og unge.

  • Stillinga er knytt til barne- og/eller ungdomsskule.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i skulehelsetenesta etter gjeldande lovar, forskrifter og retningslinjer knytt til helsefremjande og førebyggjande arbeid med born/ungdom og deira familiar.
  • Utvikling av tenesta i tråd med Nasjonalfaglege retningslinjer
  • Gjennomføring av helseundersøkingar
  • Vaksinasjon
  • Undervisning og rettleiing individuelt og i grupper
  • Foreldrerettleiing
  • Tverrfagleg samarbeid, både internt og med andre tenester
  • Dokumentasjon i journalsystemet Visma HsPro
  • Arbeid på helsestasjon 0-5 år ved ferieavvikling
  • Noko arbeid på ettermiddag/kveld må påreknast

Me tilbyr

Løn etter tariff basert på kompetanse og erfaring.

God pensjonsordning i KLP

Høgt fagleg nivå

Fagleg rettleiing

Fadderordning for nytilsette

Fleksibel arbeidstid

Godt og positivt arbeidsmiljø

Skulehelseteam og kollegagrupper

Fokus på sosial trivsel

Etablert tverrfagleg samarbeid


Kvalifikasjonskrav

Utdanningskrav:

  • Offentleg godkjend sjukepleiar med bestått vidareutdanning som helsesjukepleiar
  • Arbeidserfaring vert vektlagt, spesielt relevant arbeidserfaring med barn og unge, fortrinnsvis frå skulehelsetenesta
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter. Du må beherske norsk og engelsk
  • Grunnleggjande IKT-kompetanse er nødvendig
  • God skriftleg og munleg framstilling er eit krav
  • Oppdatert fagleg kunnskap

Personlege eigenskaper:

  • Me ser etter deg som er fleksibel, har evne til rask tilpassing og lidenskap for arbeid med barn, unge og deira familiar. Desse eigenskapane verdset me høgt. Du vil spele ein viktig rolle i å skape eit positivt samarbeidsmiljø på skulane, og dine initiativ og lojalitet innanfor stillinga sine rammeverk vil verte lagt merke til. Arbeid i skulehelsetenesta krev at du kan arbeide sjølvstendig og at du er organisert og strukturert i din arbeidskvardag. Det er krav om at arbeidstakar disponerer eigen bil i tenesta.
  • Krav om framvist politiattest etter Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.

Om arbeidsgiveren

Helsestasjon og jordmortenesta i Alver kommune er organisert i sektor oppvekst. Me driv helsestasjon og svangerskapsomsorg frå 5 helsestasjonar, og skulehelseteneste ved dei 26 skulane i kommunen. I tenesta arbeider det jordmor, helsesjukepleiarar, helsestasjonslege og helsesekretær.
Me har eit tett samarbeid med andre kommunale tenester for barn og unge, i tillegg til spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Helsesykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jannicke Helland
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
40 90 76 41
Følg firma
413 følger dette firmaet

Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 348704522
Sist endret 15. apr. 2024 13:29

Rapporter annonse