Inaktiv

Solplassen bustad søkjer

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Vernepleiar
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Om stillinga

Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Vi gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.

Me har no ledig ei fast 100% stilling som vernepleiar på Solplassen bustad. Stillinga har for tida ein arbeidsplan med hovudsakleg langvaktar på inntil 12,5t, nokre kortvaktar og arbeid kvar 4. helg.

Solplassen bustad gir tenester til 3 bebuarar med samansette behov. Vi søkjer etter deg som liker å arbeide tett på menneske og som vil vere med å bidra til aktive, opplevingsrike og meiningsfulle dagar for våre tenestemottakarar. Det er også viktig at du er ein som kan gi trygg og god hjelp i faste kvardagsrutinar.


Arbeidsoppgåver

Me yter bistand i daglege gjeremål og tek del i sosiale aktivitetar, i tillegg til at me utarbeidar og følgjer opp planar og rutinar som skapar ein god struktur i kvardagen. Me følgjer opp vedtak eller Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Som miljøterapeut hos oss vil du og rettleie og følgje opp dine medarbeidarar i tillegg til handtering av legemiddel. Me samarbeider med eksterne samarbeidspartnarar, og journalfører, rapporterer og dokumenterer i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk. Denne stillinga vil og kunne innebere primærkontaktansvar.

Me jobbar aktivt med å fremje eit godt arbeidsmiljø og forventar at du vil vere ein aktiv bidragsytar her og du skal kunne forvente det same frå dine kollegaer.


Kvifor skal du velje oss

Som miljøterapeut på Solplassen vil du få ei fagleg utfordrande stilling og du vil kunne skape gode erfaringar frå ein viktig jobb som gjer stor skilnad for tenestemottakarane.

Du vil få eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø, der me deler av vår kunnskap og arbeider aktivt for å gje eit godt tilbod til bebuarane. Du vil også delta på tverrfagleg samarbeid med andre instansar.

Me tilbyr

  • Spennande utfordringar både fagleg og personleg.
  • Høg etisk standard og fagleg nivå.
  • Løn etter tariff og kompetanse.
  • Gode pensjons og forsikringsvillkår

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisert vernepleiar
  • Sjukepleiarar med erfaring frå arbeid med brukargruppa kan også søkje
  • Erfaring frå arbeid med menneske med komplekse diagnosebilete
  • Kunnskap og erfaring med førebyggjande arbeid og handtering av utfordrande åtferd
  • Du bør har god forståing og kunnskap om Helse- og omsorgstenestelova kap.9. og Pasient og brukarrettigheitslova kap.4.A
  • Evne til å føreta faglege vurderingar, gjennomføring av desse og å utvise godt skjønn
  • Gode kommunikasjonsferdigheitar og samarbeidsevner
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort kl.B
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2- prøve i norsk
  • Gyldig politiattest må framvisast før tiltreding
  • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt

Kven er du?

  • Du har ei grunnleggjande respekt for menneske og eit engasjement for brukargruppa
  • Du er ein god lagspelar og bidrar aktivt til å ivareta eit godt arbeidsmiljø
  • Du er trygg på deg sjølv og kan handtera uforutsette situasjonar med ro og tryggleik
  • Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Du er oppteken av målretta arbeid og likar å jobbe systematisk
  • Du har ei løysingsorientert tilnærming til utfordringane i arbeidet
  • Du har ei høg etisk medvetande og evne til kritisk refleksjon
  • Du er lojal mot felles beslutninger.
  • Kjenner du deg igjen i dette og er nysgjerrig på stillinga?
  • Du har ei god skriftleg framstillingsevne og har gode datakunnskapar.
  • Personlig egnethet vil bli vektlagt.
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheitar og er lett å prate med.
  • Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar

Offentleg tenestepensjon

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!

Sjå vår Pensjonsguide (http://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=Oster%C3%B8y%20kommune&nynorsk=1&oftp=1&produkter=123) for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!


Om arbeidsgiveren

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.

Sektor
Offentlig
Sted
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Følg firma
173 følger dette firmaet

Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 348692868
Sist endret 29. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse