Økonomiutdanna og på jakt etter jobb?

Arbeidsgiver
Innovasjon Norge
Stillingstittel
Kunderådgjevar Bergen/Sogndal
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Innovasjon Norge

Har du lyst til å vera ein sentral ressurs for gründarar som er i startfasen av reisa si? Me har no eit spennande vikariat ut 2024.

Hovudoppgåva di er å vera sparringspartner for oppstartsbedrifter som er under fem år, og som ønskjer tilskot og andre tenester frå Innovasjon Norge.

Me er kontaktpunktet for dei som har ein god idé, og som anten ønskjer hjelp til finansiering gjennom lån eller tilskot, eller som ønskjer å læra meir om korleis ein forretningsidé kan utviklast vidare.

Du vil etter kvart bli ein "allrounder" som jobbar med mange ulike innovative oppstartbedrifter frå mange forskjellige marknader og bransjar. Du vil møta mange menneske, og vil få høve til å utvikle nettverket ditt i vesentleg grad. Du vil delta på messer, samlingspunkt, kundemøter og workshops, og vil med dette få høve til å opparbeide deg viktig kompetanse som vil kvalifisere deg til å gå inn i meir komplekse og tyngre roller seinare – til dømes internt i Innovasjon Norge.

Arbeidsoppgåver:

  • Sparre med innovative oppstartselskap om deira vidare utvikling
  • Utarbeide prosjektfinansieringssaker (tilskot/oppstartlån)
  • Proaktivt marknads- og mobiliseringsarbeid innanfor relevante marknadssegment/ fagmiljø og samarbeidspartnarar
  • Formidling og sal av Innovasjon Norge sine oppstartvirkemiddel, og kople inn våre spesialistar der moglegheiter avdekkast

Du ønskjer at folk skal lukkast, og blir inspirert av å jobbe saman med folk som verkeleg brenn for idéen sin og reisa til bedrifta si. Du blømer når du kan spele andre gode, og trivst godt med å vera "ute i felt", treffe mange ulike menneske og jobbe med mange ulike saker samstundes.

Ein av styrkene dine er å tilpasse kommunikasjonen din basert på kven du skal jobbe for og med, og er oppteken av korleis bodskap kan formidlast på ein god måte.

Din bakgrunn:

  • Utdanning innan økonomi
  • Gjerne noko erfaring med kunderådgjeving
  • Nysgjerrig på og kunnskap om forretningsutvikling

Kvifor arbeide i Innovasjon Norge? Stillinga vil gje deg moglegheit til å utvikle ditt nasjonale og internasjonale nettverk, både internt med kontor i alle landets fylke samt i over 20 land verda over. Vi er opptekne av fagleg utvikling, og har difor øyremerkt 40 timar kvart år som alle kan få bruke på å bli endå betre i faget sitt. Vi er ein dynamisk og innovativ organisasjon som har stort fokus på å leggje til rette for at alle skal få vere den dei er og vere gode i jobben sin. Vi har fleksitid, delvis heimekontor og svært gode pensjons- og forsikringsordningar.

Er dette moglegheita du bør gripe? Då håpar me at du sender inn ein søknad innan 5. mai.

Ring gjerne avdelingsleiar Rolf H. Sørland ved ytterlegare spørsmål (tlf. 481 27 114), eller send ein epost til rolf.h.sorland at innovasjonnorge.no

Innovasjon Norge ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, perspektiv, alder, kjønn og livserfaringar. Mangfald er viktig for både arbeidsmiljøet vårt og jobben vi skal gjere. Vi oppmodar særleg personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en til å søkje. Kjenner du deg att i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i søknaden.

Innovasjon Norge vil kunne gjennomføre bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar for å verifisere dokument/opplysningar og vurdere tryggleiksrelaterte forhold. Aktuelle kandidatar vil motta ytterlegare informasjon om dette. Etter søknadsfristens utløp, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Opplysningar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har kome med ei grunngjeven anmodning om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje blir teken til følgje, vil vi varsle deg og du vil få høve til å trekke søknaden.

Om arbeidsgiveren

Innovasjon Norge er statens og fylkeskommunenes virkemiddel for verdiskapende næringsutvikling i hele landet. Våre mål er flere gode gründere, flere vekstkraftige bedrifter og flere innovative næringsmiljøer i Norge. Med kunderettede enheter i alle landets fylker og i over 20 land verden over har vi som visjon å gi lokale ideer globale muligheter. Innovasjon Norge har ca. 700 ansatte. Innovasjon Norge skal kjennes som en pådriver for innovasjon i norsk næringsliv - med vekt på verdiene; Koblende, Ansvarlig og Nytenkende.

Sektor
Offentlig
Sted
Lars Hilles gate 30, 5008 Bergen
Flere arbeidssteder
  • TROLLADALEN 30, 6856 Sogndal
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Bank, finans og forsikring,
Konsulent og rådgivning,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Rådgivning,
Økonomi og regnskap
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

innovasjon, finansiering, økonomi, bank, rådgiver

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rolf H. Sørland
Stillingstittel
Avdelingsleder
Telefon
48 12 71 14
Følg firma
2975 følger dette firmaet

Lars Hilles gate 30, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 348678540
Sist endret 16. apr. 2024 09:14

Rapporter annonse