Utløpt

Austevoll ungdomsskule søkjer etter lærar i 100% fast stilling til hausten

Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Stillingstittel
Lærar
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Lærar

Om arbeidsstaden

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Austevoll ungdomsskule er ein MOT -skule og deltar i tilleggsprogrammet "Skulen som samfunnsbyggar". Skulen legg vekt på eit godt samarbeid og evner til å skape gode relasjonar til elevar og tilsette. Vi utviklar robuste ungdommar som inkluderer alle. Hos oss skal alle elevane oppleve meistring og oppleve å bli sett kvar dag. Skulen har ca. 240 elevar fordelt på 8.-10. trinn.


Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Undervisning
  • Kontaktlærar
  • Faglæraroppgåver
  • Arbeide i team med pedagogar og fagarbeidarar
  • Følge opp elevar med særskilte behov
  • Delta og engasjere seg i heile skulens arbeid og utvikling
  • Bidra til å skape eit godt skulemiljø

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

  • Grunnskulelærar GLU 5-10 eller anna godkjent utdanning for undervisning i ungdomsskulen
  • Ha utdanning innanfor basisfaget engelsk
  • Ønskjeleg med kompetanse i/undervisningserfaring i kunst- og handverk og spesialundervisning
  • Har du anna relevant bakgrunn blir du også oppfordra til å søke
  • Positivt med undervisningserfaring frå ungdomsskulen
  • Vere strukturert, sjølvstendig, fleksibel, løysingsorientert og ha evne til å motivere
  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, pedagogisk engasjement og evne til nytenking
  • Vere ein tydeleg og dyktig klasseleiar og kan bruke IKT som naturleg arbeidsverktøy
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi krev gyldig politiattest ved tilsetjing. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden, men visast fram før tilsetjing.

Personlege eigenskapar

  • Positivt med undervisningserfaring frå ungdomsskulen
  • Vere strukturert, sjølvstendig, fleksibel, løysingsorientert og ha evne til å motivere
  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, pedagogisk engasjement og evne til nytenking
  • Vere ein tydeleg og dyktig klasseleiar og kan bruke IKT som naturleg arbeidsverktøy
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • Vi krev gyldig politiattest ved tilsetjing. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden, men visast fram før tilsetjing.


Vi tilbyr

  • 100% fast stilling som lærar
  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spennande utfordringar i ein utviklingsorientert skule
  • Løn etter kvalifikasjoner, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr. pr år, kontaktlærartillegget er kr 24 000 kr pr år.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med flinke og samarbeidsvillige kollegaer

For å betre kjønnsbalansen på arbeidsplassen vil vi oppmode menn til å søke


Slik søkjer vi

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.


Om arbeidsgiveren

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Frå august 2023 vert alle sambanda mellom Austevoll og fastlandet gratis for alle reisande!  
Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!Austevoll ungdomsskule held til i nye flotte lokalar på Eidsbøen, like ved kommunesenteret Storebø. Vi legg vekt på eit godt samarbeid og evner til å skape gode relasjonar til elevar og tilsette. Vi er ein MOT-skule og utviklar robuste ungdommar som inkluderer alle. Vi får tilbakemeldingar på at vi har eit godt elev- og arbeidsmiljø og er ein skule som er utviklingsorientert.  Skulen har i dag ca 45 tilsette og 250 elevar fordelt på 8.-10.trinn. 

Sektor
Offentlig
Sted
Kleivhaugen 2, 5392 Storebø
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anders Hjelle
Stillingstittel
Rektor
Telefon
92 01 45 51
Følg firma
76 følger dette firmaet

Kleivhaugen 2, 5392 Storebø

Annonseinformasjon

FINN-kode 348672012
Sist endret 15. apr. 2024 09:57

Rapporter annonse