Utløpt

har ledig stilling som miljøterapeut

Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Stillingstittel
Miljøterapeut
Frist
24.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Miljøterapeut

Om arbeidsstaden

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 350 elevar og ca. 60 tilsette. Skulen er plassert på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling.  


Om stillinga

Storebø skule har ledig ein 100% fast stilling som miljøterapeut.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Utarbeide og følge opp sosiale planar og avtalar i samarbeid med pedagog
  • Praktisk hjelp og tilretteleggjing for elevar gjennom skule- og Sfo-dagen
  • Bidra til elevanes sosiale, emosjonelle og faglege utvikling
  • Planleggje og gjennomføre helsefremmande, forebyggjande, rehabiliterande og miljøterapeutiske tiltak for elevane
  • Delta i utviklingsoppgåver som skulen har
  • Arbeida i team

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

  • Minimum treårig høgskuleutdanning innan vernepleie, pedagogikk eller anna relevant utdanning innan helse- og sosialfag
  • Det er ønskeleg med kompetanse og/eller erfaring med strukturert og målretta arbeid med born med store utfordringar, spesielt utagerande åtferd.
  • God IKT-kompetanse
  • Godkjent politiattest ved tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du trivst i ein travel kvardag og er glad i å jobbe med barn.
  • Du har kompetanse i korleis du kan leggje til rette for sosial trening.
  • Du evnar å jobbe sjølvstendig og strukturert
  • Du er fleksibel, raus, tolmodig  
  • Du er god på relasjonsbygging, har gode samarbeidsevner og toler å stå i krevjande relasjonar over tid.

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søkjer du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.


Om arbeidsgiveren

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Frå august 2023 vert alle sambanda mellom Austevoll og fastlandet gratis for alle reisande!  
Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune! 

Sektor
Offentlig
Sted
Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vibecke Storebø
Stillingstittel
Rektor
Telefon
55 08 13 25
Følg firma
76 følger dette firmaet

Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø

Annonseinformasjon

FINN-kode 348671631
Sist endret 15. apr. 2024 09:30

Rapporter annonse