Sommarjobb innen renhald på Rena

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Sommarjobb innan renhald på Rena
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Forsvarsbygg

Forsvarsbygg på Rena søkjer 2 sommarvikarar til reinhald i vekene25 - 33.
Gje i søknaden beskjed om kva veker du er interessert i å jobbe.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb


Arbeidsoppgåver

  • Utføre regelmessig og periodisk reinhald, samt rengjeringsrelaterte oppgåver innanfor eigen fagområde
  • Ivareta oppgåver knytt til renholdstenesta

Kven ser vi etter?

Du har ein ryddig og strukturert tilnærming til arbeidsoppgåvene. Me skal levere gode renholdstenester, noko som stiller krav til at du er opptatt av å levere god kvalitet og samarbeider godt med andre. Dersom du òg har gode kommunikasjonsevner, er fleksibel og serviceinnstilt, kan dette vere rett stilling for deg.

Kvalifikasjonar

  • Søkarar må vere over 16 år
  • God orden og oppførsel
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg på nivå A2 i Det felles europeiske rammeverket for språk

  • Det er ønskeleg med erfaring innan reinhald
  • Det er ønskeleg at kandidatane har førarkort klasse B
  • Det er ønskeleg med tryggleiksklarering for Konfidensielt

Me tilbyr

Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), kr. 280 640,- - 401 900,- i brutto årleg lønn i følge Statleg lønnsregulativ.

Om arbeidsgiveren


Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Kavaleriveien 1, 2450 Rena
Bransje
Renovasjon og renhold,
Forsvar og militær
Stillingsfunksjon
Renhold
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

sommerjobb, sommervikar, ferievikar, vask

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristine Espevoll
Stillingstittel
Avdelingsleiar reinhald
Telefon
93 42 32 30
Følg firma
3081 følger dette firmaet

Kavaleriveien 1, 2450 Rena

Annonseinformasjon

FINN-kode 348191731
Sist endret 12. apr. 2024 13:21

Rapporter annonse