Inaktiv

Vil du arbeide som sjukepleiar eller helsefagarbeidar i vårt nattevaktsteam?

Arbeidsgiver
Øygarden kommune Straume bu og servicesenter
Stillingstittel
Straume bu- og servicesenter
Frist
26.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Om avdelinga 

Straume bu og servicesenter skal omgjera 28 omsorgsbustader (BUS) til heildøgns omsorgsplassar. Vi søkjer etter sjukepleiarar og helsefagarbeidarar som saman med resten av nattevaktsgruppa skal jobbe i team.

Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som saman gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar. 

Senteret inneheld tre bufellesskap, ei dagavdeling og omsorgsbustader. Det er no ledig 3 faste nattevaktstillingar frå 60-80%. Stillingane kan aukast med timebank. Vi har årsturnus og du jobbar 11 timar nattevakt på helg, og 9,5 timar vaktlengde vekedagar. Straume bu og servicesenter deltek i TØRN piloten "Oppgåvedeling og tenestestyrt bemanning". Vi jobbar med løysingar for god oppgåvedeling, den gode vakta og kontinuitet i bemanning.   

Er du nyutdanna sjukepleiar er du velkomen til å søkje. Du vil få god opplæring. 

Arbeidsoppgåver:  

  • Utøva god fagleg omsorg til våre brukarar 

  • Dokumentasjon i gjeldande fagjournal 

  • Ivareta brukars individuelle behov 

  • Du bidrar til et godt og engasjerande arbeidsmiljø 

  • Rettleiing av studentar, lærlingar og andre nytilsette 

  • Du bidrar med fagleg autoritet og varme. 

 Kvalifikasjonar:   

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar 

  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar 

  • Gyldig politiattest 

 Ønskjeleg med:  

  • Erfaring frå heimetenesta eller anna arbeid med eldre 

Personlege eigenskapar:

  • Du er fagleg engasjert og trygg i rolla som sjukepleiar/helsefagarbeidar 
  • Du har gode samarbeidsevner, og kan jobbe både sjølvstendig og i team 

  • Du er stabil, påliteleg og ansvarleg  

  • Du bidrar positivt, har godt humør og trivst med varierte oppgåver 

  • Duer løysingsorientertog likar nye utfordringar. 

  • Du engasjerer deg, er positiv i møte med våre brukarar og pårørande 

  • Personlege kvalifikasjonar vil verta vektlagd

Vi tilbyr: 

  • Støttande leiing og gode kollegaer 

  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø 

  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer  

  • Interessante utfordringar  

  • Høve til fagleg og personleg utvikling 

  • Startlån 

Kontakt:  

Einingsleiar Helen Ågotnes, tlf: 93093 183 

Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. 

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. 

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 400 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor
Offentlig
Sted
Blombakkane 3, 5354 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Helsepersonell / Alternativ medisin

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helen Ågotnes
Telefon
93 09 31 83
Følg firma
323 følger dette firmaet

Blombakkane 3, 5354 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 348165484
Sist endret 27. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse