Vil du ta fatt på spennande og samfunnsnyttige oppdrag innan sikkerheit?

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar ROS
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Interesse for fagområda sikkerheit og digitalisering? Er du ein pådrivar for at sikkerheit er integrert med utvikling av digitale tenester? Vil du vere med å vidareutvikle korleis vi jobbar med risikobasert utvikling? Vi søker deg som har erfaring og kompetanse frå arbeid med sikkerheit, risikovurdering og bygging av sikkerheitskultur.

Saman med dei som har fagkunnskap innan IKT sikkerheit, beredskap og personvern, vil du få jobbesektorovergripande, i tillegg til å jobbe inn mot seksjonane IKT og digitalisering. Sområdgjevar/seniorrådgjevar innan risiko- og sårbarheitsvurdering vil du få varierte og utfordrande oppgåver,ansvar på ein spanande arbeidsplass og vere med å bygge opp eit nytt sikkerheitsteam i Vestlandfylkeskommune. Vi legg stor vekt på samhandling og samarbeid på tvers i organisasjonen.

Stillinga er fast, er i seksjon sikkerheit og støttetenester, i avdeling for IKT og digitalisering. Seksjonen er organisatorisk plassert i avdeling for IKT og digitalisering, og har avdelingsansvar for HR, økonomi, internkontroll, beredskap, personvern, prosjektleiing, IKT sikkerheit og dokumentasjonsforvaltning.


Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre og følgje opp tekniske ROS-vurderingar
  • Utarbeide og følge opp arbeidet med verdivurderingar i avdelingane
  • Rettleie avdelingar i deira arbeid med ROS-analysar og modenheitsanalyser
  • Vidareutvikle og etablere rutinar for IKT sikkerheit
  • Oppfølging av den risikobaserte internkontrollen i fylkeskommunen, for å sikre at lover og forskrifter vert
    følgt
  • Delta i utvikling av nye løysingar og kontinuerleg forbetring av eksisterande løysingar
  • Fleire oppgåver innan fagområdet kan bli lagt til stillinga ved behov

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå innan informasjonssikkerheit, IT,sikkerheit/samfunnssikkerheit og/eller administrative fag. Anna dokumentert relevant realkompetansekan erstatte utdanningskravet.
  • God kjennskap til informasjonssikring

Det er ein fordel med:

  • Relevant erfaring frå stillinga sine arbeidsoppgåver
  • Fagleg oppdatert på trusselbilete og trendar innan IT sikkerheit
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Kjennskap til sikkerheitslova
  • Kjennskap til personvernforordninga
  • Kunnskap om og/eller erfaring frå offentleg forvaltning

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta, planmessig og strukturert
  • Evne til å behalde ro og oversikt i periodar med stor aktivitet
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og oppteken av å dele kunnskap med andre
  • Løysings- og resultatorientert
  • Analytisk og strategisk tilnærming til problemløysing

Kvifor skal du velge oss?

Hos oss får du faglege utfordringar og personleg utvikling i eit sterkt tverrfagleg miljø. Vi har rammer somsikrar deg ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid.

Vi er IA-bedrift med gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Fleksibel arbeidstid.

Vi er opptekne av at vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement

Her kan du bli betre kjent med oss: Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune

Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.

Verdt å merke seg
Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.

Stillingsnemning vert spesialkonsulent/ingeniør/rådgjevar/seniorrådgjevar eller spesialkonsulent fastsett på grunnlag avkvalifikasjonar og erfaring.

Administrasjonsmålet til fylkeskommunen er nynorsk. Arbeidsplass på Leikanger i friluftseldoradoet Sogn.

Litt reiseaktivitet må påreknast, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført påoffentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla førsøkarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 2, 6863 Leikanger
Bransje
IT
Stillingsfunksjon
IT utvikling / IT-sikkerhet
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sondre Lekve Bjelle
Stillingstittel
Fagkoordinator for sikkerheit og beredskap
Telefon
91 57 35 32
Kontaktperson
John Arne Lillestøl
Stillingstittel
Seksjonssjef
Telefon
93 02 49 59
Følg firma
1076 følger dette firmaet

Askedalen 2, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 348159770
Sist endret 12. apr. 2024 09:38

Rapporter annonse