Inaktiv

Vil du vere med å skape eit framtidsretta og nyskapande Vestland?

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Vil du vere med å skape eit framtidsretta og nyskapande Vestland? Vestland fylkeskommune har mål om auka verdiskaping, nye grøne arbeidsplassar og god innovasjonsinfrastruktur i heile fylket. Som rådgjevar skal du bidra med løysingar for å nå desse måla. Vi skal byggje vidare på kompetanse og ressursar i regionen for å utvikle eit variert og berekraftig næringsliv. Oppgåvene i stillinga omfattar brei kontakt med innovasjonsøkosystemet og våre samarbeidspartnarar i heile Vestland.

Arbeidsoppgåver

  • Identifisere og mobilisere ressursar og partnarskap for å styrke innovasjonsøkosystemet i fylket
  • Delta i og utvikle prosjekt og større satsingar
  • Planlegge og gjennomføre møte og samarbeidsarenaer
  • Saksbehandling og prosjektvurdering
  • Analysearbeid
  • Skrive politiske saker, rapportar og andre tekstar

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning påmasternivå. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan bli vurdert for stillinga, men vil då bli tilsett som spesialkonsulent og ikkje rådgjevar.
  • God fagkompetanse om innovasjon og næringsutvikling
  • Relevant arbeidserfaring
  • Gode kommunikasjonsevner, både skriftlegog munnleg
  • Strategiske evner

Det er ein fordel med:

  • Kunnskap om innovasjonsøkosystemet i Vestland

Personlege eigenskapar

Vi treng deg som:

  • er ryddig og systematisk med god gjennomføringsevne og evne til handtere komplekse prosesser og oppgåver på ein strukturert måte
  • er sjølvstendig, sjølvgåande og initiativrik
  • er ein lagspelar som initierer samarbeid og relasjonar
  • utviklar og delar kompetanse, kunnskap og erfaringar
  • er opptatt av rolla som samfunnsbyggar
  • har fagleg autoritet og varme

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Kontorstaden er fylkeshuset i Leikanger og/eller Vestlandshuset i Bergen

Her kan du bli betre kjent med oss:Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune

Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.

Andre opplysningar:

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Lars Hillesgate 22, 5008 Bergen
Flere arbeidssteder
  • Askedalen 2, 6863 Leikanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Saksbehandler
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Innovasjon, Nyskaping, Analyse, Det grøne skiftet, grøn næringsinfrastruktur

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Heidi Bjønnes Larsen
Stillingstittel
leiar
Telefon
99 61 38 68
Følg firma
1076 følger dette firmaet

Lars Hillesgate 22, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 348025388
Sist endret 29. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse