Inaktiv

Lyst til å vera med å utvikle Ådlandsfjorden barnehage i Bjørnafjorden kommune?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Ådlandsfjorden barnehage
Stillingstittel
Fagarbeidar ved Ådlandsfjorden barnehage
Frist
25.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har ledig 100 % fast stilling som fagarbeidar/ ved Ådlandsfjorden barnehage frå 01.08.2024

Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Ådlandsfjorden barnehage og som vil halde fram med å utvikle barnehagen som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon. Barnehagen treng fagarbeidar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur forlæring og høg kompetanse. Barnehagen sine verdiar "Meistring, tryggleik og anerkjenning" er sentrale i alt arbeidmed våre barn og er viktig for eit godt barnehage-heim samarbeid.

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skapegode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø.

Arbeidsstad:
Ådlandsfjorden barnehage ligg ved skulen, kort veg til fotballbane og ballbinge. Barnehagen har eigenuteleikeplass, kort veg til sjø og skog. Barnehagen har stor vekt på friluftsliv, danning og sosial kompetanse.Holmefjord barnehage er ein spanande arbeidsplass som er i stadig utvikling. Barnehagen har 9 tilsette og 29barn fordelt på 3 basar. Målet er å vere ein god stad for alle barn, og gje barna grunnlag for fagleg og sosial utvikling.

Arbeidsoppgåver:

  • Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling. Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø.
  • Vere ein god rollemodell med god kommunikasjonsevne.
  • Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av detpedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.  
  • Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar.  
  • Jobbe førebyggjande og legge vekt på tidleg innsats.  
  • Vera brukar - og serviceorientert med ein konstruktiv kommunikasjonsform.

Kvalifikasjonar:
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent. Søkjar må hagode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Erfaring frå arbeid med barn 0-6 år.Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.

Eigenskapar:
Vi ser etter deg som:

  • Har eit positivt menneskesyn, og gode evner til samarbeid 
  • Tar ansvar og initiativ, og er fleksibel
  • Har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
  • Har erfaring med teikn til tale.
  • Erfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikringVi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel ogbustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn foropplysningarom ein søkjardersom vedkommande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa avfor å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Slik søkjer du:
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registera seg på nytt. Dersom du ikkjehar internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord"eller ta kontakt med personalavdelinga.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehageassistent

Nøkkelord

Fagarbeider, Fagarbeidar, Barnehage

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bente Ådland
Telefon
97 54 56 50
Følg firma
487 følger dette firmaet

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 348021622
Sist endret 26. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse