Inaktiv

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Jettegryto barnehage
Stillingstittel
Barnehagelærar Jettegryto barnehage
Frist
25.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har ledig stilling som barnehagelærar i 100 % fast stilling frå 01.08.2024.

Vi søker deg som ønsker å jobbe med barn, og vere ein del av grunnbemanninga til Jettegryto barnehage. Barnehagen treng at du er strukturert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobber målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeisting og godt barnehagemiljø. Satsingsområda er språk, leik, teikn til tale, inkluderande barnehagemiljø og livsmeistring for alle.

Arbeidsstad 
Jettegryto barnehage ligg i bygda Brakabygda og har 4 avdelingar. Barnehagen har kort veg til sjø, skog og fjell noko som innbyr til både leik og turar i nærmiljøet.

Arbeidsoppgåver
- Ansvar for eit godt pedagogisk tilbod til barna, og for å bidra til å legge til rette for barna si læring, utvikling og danning
- Medansvar for utviklinga av barnehagen som pedagogisk verksemd
- Arbeide i samsvar med gjeldande lover, forskrifter, reglement og andre kommunale vedtak som har betydning for barnehagen si drift
- Sjå barnehagen i ein heilskap, ha omsorg for alle barn og aktivt ta del i utviklinga av barnehagen 
- Foreldresamarbeid
- Tverrfagleg samarbeid med eksterne instansar som fagsenter, PPT og barnevern
- Bidra til å utforme og gjennomføre store og små planer for barnehagen

Kvalifikasjonar
Utdanning som barnehagelærar. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent. Det vil sei at du må kunne vise til både:
- "
godkjenning av utenlandsk høyere utdanning" 
- "godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage"

 Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest. 

Eigenskapar
Vi ser etter deg som:
-  har eit positivt menneskesyn og gode evner til samarbeid
- har kompetanse og erfaring med teikn til tale
- har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
- kan ta ansvar og initiativ
- er fleksibel og løysingsorientert
- har gode leiareigenskapar, er trygg og tydeleg
- har stor arbeidskapasitet
- er kreativ
- er engasjert
- har god digital kompetanse
- har evne og vilje til å skape gode relasjonar med barn, foreldre og kollegar

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utviklingsmuligheter i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Sted
Brakabygda 49, 5640 Eikelandsosen
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer

Nøkkelord

Barnehagelærer, Bærnehagelærar, Barnehage

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Line Ragnhildstveit
Telefon
48 26 51 55
Følg firma
487 følger dette firmaet

Brakabygda 49, 5640 Eikelandsosen

Annonseinformasjon

FINN-kode 348020354
Sist endret 26. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse