Fast 100% stilling som bedriftssjukepleiar

Arbeidsgiver
Bedriftshelse1
Stillingstittel
Bedriftssjukepleiar
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Dette er kanskje jobben for deg! Du er sjukepleiar, likar varierte utfordringar og er løysingsorientert. Saman med dyktige kollegaer vil du vere med å utvikle Bedriftshelse1 vidare, slik at vi til ei kvar tid kan møte kundane sine behov.

Arbeidsstad er kontoret vårt på Voss.

 

Hovudoppgåver

  • Arbeidshelsekontrollar, laboratoriearbeid, yrkesvaksinasjon og eksponeringskartlegging
  • Kurs og opplæring. T.d. førstehjelpskurs
  • Ansvarleg for oppfølging av eigen kundeportefølje
  • Individuell tilrettelegging og rådgjeving til kundar
  • HMS-rådgiving 

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar med bch. grad
  • Det er ein fordel med erfaring frå bedriftshelseteneste eller tilsvarande arbeid
  • Fordel med erfaring innan arbeidshelse, sjukefråværsoppfølging og AKAN
  • God norsk og engelsk skriftleg og munnleg
  • Har grunnleggande gode datakunnskapar

Vi ser etter deg som har

  • Variert erfaring og likar samarbeid med kundar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • God relasjonsbyggar
  • God på gjennomføring
  • Er nøyaktig, strukturert og løysingsorientert
  • Må ha førarkort og disponere eigen bil

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande stilling, der du kan vere med å påverke og utvikle deg fagleg og personleg
  • Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø
  • Fleksitidsordning
  • Lønn etter fast avtaleverk
  • Gode pensjons- og personalforsikringsordningar

Søknadsfrist er 05.05.2024

Ta kontakt med regionleiar Kjersti Eide mobil: 40066111, om du har spørsmål om stillinga. Send søknad med god informasjon om kvifor du søker stillinga og legg ved attestar og vitnemål til søknaden. Søknad sender du til post@bedriftshelse1.no.

Om arbeidsgiveren

Bedriftshelse1 er ei offentleg godkjend bedriftshelseteneste som leverer førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er eit tverrfagleg team på ca. 50 medarbeidarar, med brei erfaring og eit godt omdømme. Vi har stor bransjekunnskap og legg vekt på fagleg oppdatering og utvikling. Med 11 bemanna kontor er Bedriftshelse1 den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Brynamoen 8, 5705 Voss
Bransje
Helse og omsorg,
Konsulent og rådgivning,
Annet
Stillingsfunksjon
HMS,
Sykepleier
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Bedriftssykepleier, HMS, Arbeidshelse, Bedriftssjukepleiar, HMS rådgiver

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjersti Eide
Stillingstittel
Regionleiar
Mobil
40 06 61 11
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
9 følger dette firmaet

Brynamoen 8, 5705 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 348017070
Sist endret 11. apr. 2024 12:53

Rapporter annonse