Inaktiv

Nettverkskonsulent

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Nettverkskonsulent
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Er du dyktig på nettverk, og vil du vere med på vidareutvikling av tenestene til ein av dei største fylkeskommunane?Vi ser etter ein sjølvstendig og proaktiv person med lidenskap for nettverk.

Seksjon IKT har ansvar for lokal IKT-drift av dei fleste IKT-system som vert nytta i Vestlandfylkesommune,samt infrastruktur som knyter saman alle lokasjonane. Det er meir enn 150 ulike IKT systemog brukararspreidd på fleire titals lokasjonar i fylket.

Seksjon IKT skal ta i vare alle IKT systema og all IKT-infrastruktur, og sikre at dette til ei kvar tid harriktigkapasitet, oppetid og teknisk sikring i tillegg til at dei understøttar brukarane og verksemda sittbehov.Seksjonen har totalt 80 medarbeidarar i tillegg til IKT-lærlingar, og er organisert i fire faggrupper;service,tenesteleveranse, systemdrift og kjernedrift.


Arbeidsoppgåver

  • Drift, forvaltning og vidareutvikling av sentral nettverksinfrastruktur i Vestland fylkeskommune
  • Delta i arbeidet med informasjonssikkerheit/sikkerheitsløysingar/brannmur
  • Bidra med etablering, drift og vedlikehald av nettverksovervakingsløysingar
  • Sikre at brukarane har ein stabil og føreseieleg IKT-kvardag
  • Delta i aktuelle fagteam og prosjektgrupper
  • Bidra aktivt i den strategiske utviklinga av fagområda og faggruppa

Kvalifikasjonar

  • Minimum bachelor innan IKT/informatikk, men relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav
  • Fordel med erfaring frå drift og forvaltning av brannmur og andre sikkerheitsløysingar
  • Fordel med god kjennskap til Cisco portefølga eller tilsvarande
  • Fordel med skykompetanse innanfor nettverk
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt med fokus på brukarbehov og brukartilfredsheit
  • Positiv innstilling, flink til å kommunisere og flink i dialogen med menneske
  • Vilje til kontinuerleg fagleg oppdatering og fornying
  • Proaktiv, løysingsorientert og oppteken av å få jobben gjort til rett tid
  • Gode samarbeidseigenskaper og ynskje om å understøtte ein delingskultur

Vi tilbyr

  • Du vil få fagleg utvikling og varierte oppgåver, og vere del av eit kompetent og fagleg miljø som har fokus på å levere gode tenester til innbyggarane og tilsette i Vestland fylkeskommune
  • Vi er opptekne av at vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement
  • Stillingsnemning rådgjevar/seniorrådgjevar/ingeniør/konsulent/spesialkonsulent etter kvalifikasjonar og erfaring
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid

Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet er nynorsk

Du må rekne med litt reiseaktivitet, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom

Kontorstad Leikanger

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader

Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjortsjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak fråoffentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 2, 6863 Leikanger
Bransje
IT
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Espen Storetvedt
Stillingstittel
leiar
Telefon
93 09 25 59
Følg firma
1075 følger dette firmaet

Askedalen 2, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 347919043
Sist endret 2. mai 2024 00:04

Rapporter annonse