Sommarjobb innen renhald på Terningmoen
- Arbeidsgiver
- Forsvarsbygg
- Stillingstittel
- Sommarjobb innan renhald på Terningmoen
- Frist
- 30.04.2024
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Forsvarsbygg på Terningmoen søkjer sommarvikar til reinhald i vekene27 - 33.
Vi søkjer deg som er interessert i å jobbe heile denne perioden.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgåver
- Utføre regelmessig og periodisk reinhald, samt rengjeringsrelaterte oppgåver innanfor eigen fagområde
- Ivareta oppgåver knytt til renholdstenesta
Kven ser vi etter?
Du har ein ryddig og strukturert tilnærming til arbeidsoppgåvene. Me skal levere gode renholdstenester, noko som stiller krav til at du er opptatt av å levere god kvalitet og samarbeider godt med andre. Dersom du òg har gode kommunikasjonsevner, er fleksibel og serviceinnstilt, kan dette vere rett stilling for deg.Kvalifikasjonar
- Søkarar må vere over 16 år
- God orden og oppførsel
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg på nivå A2 i Det felles europeiske rammeverket for språk
- Det er ønskeleg med erfaring innan reinhald
- Det er ønskeleg at kandidatane har førarkort klasse B
- Det er ønskeleg med tryggleiksklarering for Konfidensielt
Me tilbyr
Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), kr. 280 640,- - 401 900,- i brutto årleg lønn i følge Statleg lønnsregulativ.Om arbeidsgiveren
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Hamarvegen 110, 2406 Elverum
- Bransje
- Bygg og anlegg,
- Forsvar og militær,
- Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon
- Renhold
- Arbeidsspråk
- Norsk
Nøkkelord
sommerjobb, sommervikar, ferievikar, vaske
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Kristine Espevoll
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar reinhald
- Telefon
- 93 42 32 30
Hamarvegen 110, 2406 Elverum