Matros på brønnbåten Kristoffer Tronds

Arbeidsgiver
Alsaker LFC Service AS
Stillingstittel
Matros
Frist
06.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Grunna interne opprykk er det no ledig stilling som matros på vår flotte brønnbåt.

Me er på jakt etter deg som er like framoverlent som oss, og som ynskjer å bli med på laget i å produsere sunn og god mat til kundar over heile verda.


KRISTOFFER TRONDS

M/S Kristoffer Tronds er utstyrt med ein omfattande fiskebehandlingspakke frå MMC som gjev unik fleksibilitet.

Det er lagt stor vekt på fiskevelferd og teknologi innan behandling, sortering og transport av fisk og fartøyet har mellom anna:

  • 4 brønnar
  • Optilicer
  • RSW anlegg
  • Omfattande navigasjonssystem og dynamisk posisjonering
  • Batteripakke

Brønnbåten er ein integrert del av verksemda i Alsaker konsernet og går i skipsfart mellom lokalitetane våre i Hordaland og Rogaland, og har eit mannskap på 12 personar.


Ein matros sine daglege oppgåver er mellom anna

  • Daglig drift, reinhald og operasjon av driftsutstyr.
  • Delta i laste/losse/fortøynings operasjonar.
  • Utføre planlagt vedlikehald av materiell og utstyr på dekk.


Krav til kvalifikasjonar

  • Fagbrev eller ferdighetssertifikat som matros
  • Grunnleggande sikkerhetskurs for sjøfolk
  • Ferdighetssertifikat for sjøfolk med særlege sikringsplikter
  • Gyldig helseattest for sjøfolk
  • HMOB (ønskelig)

Det er ønskelig med deg som har erfaring fra brønnbåt eller havbruk.


Ønskede personlege eigenskaper

  • Sjølvstendig og løysingsorientert
  • Gode sammarbeidsevnar og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Gode kommunikasjonseigenskapar og holdningar
  • Har teknisk innsikt og evnar å setje seg inn i tekniske løysingar
  • HMS-bevisst og ansvarsfull

Det er praktisk om du bor i Vestland eller Rogaland.


Me tilbyr

  • Jobb i eit av dei leiande norske oppdrettsselskapa for produksjon av laks
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg miljø
  • Turnusordning 1:1 (4 vekers rotasjon)
  • Konkurransedyktige betingelsar og gode pensjons- og forsikringsordningar


Er du den me ser etter? Ikkje nøl med å senda inn din søknad! Me ser fram til å lesa om dine erfaringar og korleis du kan bidra til teamet vårt.

Om arbeidsgiveren

Alsaker konsernet sin brønnbåt er bygd i Bilbao i Spania, av verftet Astilleros de Murueta. Fartøyet er designa av Salt Ship Design og vart levert i slutten av mars 2021.
Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern, og er ein av dei største privateigde aktørane innan produksjon av smolt og matfisk. Konsernet har utvikla og driv fleire smoltanlegg, eige slakteri og har eit stort tal matfiskkonsesjonar.
Partane har samarbeidd over lengre tid for å utvikla eit brønnbåtdesign med utgangspunkt i skånsam fiskehandtering i kombinasjon med sterkt fokus på hygiene, miljø og kvalitet.
Fartøyet har fleire nye og spanande designløysingar, og innebygd ein stor fleksibilitet i høve til ulike typar behandlingsmetodar.

Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim
Bransje
Fiskeri og oppdrett,
Maritim og offshore
Stillingsfunksjon
Sjøfart / Matros
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

brønnbåt, oppdrett, matros, shipping, havbruk

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lise Iren Sandtorv
Stillingstittel
Mannskapssjef
Mobil
99 21 01 37
Følg firma
110 følger dette firmaet

Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 347856355
Sist endret 12. apr. 2024 11:18

Rapporter annonse