Me søkjer ny kollega til driftsteknisk avdeling

Arbeidsgiver
Norway's best AS
Stillingstittel
Driftsmedarbeidar
Frist
08.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Norway's best AS

Har du lyst å bli ein del av gjengen vår? Norway's best AS er på søk etter ein hendig person til en 100% fast stilling i driftsteknisk avdeling, med arbeidsstad Myrkdalen. Me er ein liten gjeng med fagleg sterke og engasjerte individ. Du vill også bli ein del av eit større miljø med kollegaer innanfor mange ulike fagområde, som du naturleg vill bli godt kjend med gjennom daglege arbeidsoppgåver.

Er du kanskje nyutdanna innan byggfag eller liknande, eller har du mange år på nakken i liknande roller, eller ein stad imellom? Det er ikkje så nøye det. Me er på søk etter ein person som trivest med praktisk arbeid i ein allsidig arbeidskvardag.

Som driftsmedarbeidar vil du væra delaktig i dagleg oppfølging av drift og vedlikehaldsbehov for bygningsmassen og uteområda til Norway’s Best AS på reisemål Myrkdalen.

Arbeidskvardagen vill være prega av høg grad av sjølvstendig arbeid samtidig som du er tett på kollegaer innan eigen avdeling, samt kollegaer frå andre avdelingar på reisemålet.

Ansvarsområde og arbeidsoppgåvervil inkludere:

  • Drift, tilsyn og skjøtsel som inneber overvaking, oppfølging og drift av bygg, tekniske anlegg og uteområde
  • Identifisere og gjennomføre tiltak som bidrar til høg kundetilfredsheit
  • Oppfølging av avviksmeldingar

Me ser etter deg som:

  • Har førarkort minimum kl. B (E)
  • Er vant med PC som arbeidsverktøy
  • Du har gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg i minimum engelsk
  • Gode kommunikasjonsevner i norsk er ein fordel

Kva me kan tilby

Ei spanande fast stilling i et ambisiøst selskap med eit stort mangfald i både aktivitet og menneske.

Du vert ein del av eit stolt kollegium i eit av Norges leiande reiselivsbedrifter, der me legg til rette for både personleg og fagleg utvikling.

Våre reisemål er omgitt av spektakulær natur, med store moglegheiter for fritidsaktivitetar.

Nokre av våre gode:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Pensjons- og forsikringsordningar gjennom Nordea Liv og Gjensidige
  • Kurs og fagleg oppdatering
  • Rabatt på overnatting og servering på alle våre hotell
  • Skikort i Myrkdalen
  • Tilgang til treningsrom i Flåm
  • Rabatt og tilbod på Norway’s best produkt og aktivitetar


Gjennom å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar har Norway’s best AS posisjonert Flåm og Myrkdalen i over 20 år. Med fyrtårn som Flåmsbana og Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei største turistreisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen finns den mest omfattande skidestinasjonen på Vestlandet. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Hardanger og Lofoten. Norway’s best AS er eigd av Norway's best Group AS som i 2019 hadde ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Norway's best Group AS eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 50% av Flåmsbana og 50% av The Fjords. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk og Flåmsbanamuseet. I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
5713 Vossestrand
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester,
Håndverkstjenester,
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester,
Maskinfører og -operatør

Nøkkelord

Driftsteknisk, Byggfag, Vedlikehold

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Roy Viktor Ohnstad
Stillingstittel
Teknisk leiar
Telefon
90 22 69 60
Kontaktperson
Theres Kiboko
Stillingstittel
People & Culture
Mobil
99 20 26 06
Følg firma
107 følger dette firmaet

5713 Vossestrand

Annonseinformasjon

FINN-kode 347780512
Sist endret 9. apr. 2024 20:39

Rapporter annonse