Inaktiv

Vil du arbeide med vassforvaltning i Vestland?

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Vil du arbeide med vassforvaltning i Vestland?
Frist
29.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Vi søker ein dyktig medarbeidar som har lyst til å vere med og forvalte vassressursane våre i Vestland. Dette er eit 2-årig vikariat/engasjement med kontorstad Leikanger eller Bergen. For særleg godt kvalifiserte kandidatar kan vi opne for kontorstad også andre stadar der vi har kontorstad for våre fagfolk. Stillinga er lagt til seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv, og inngår i avdeling for næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune. I seksjonen arbeider vi med vassforvaltning, landbruk, marin sektor, reiseliv, vilt og mineral, og lokalsamfunnsutvikling. Fellesnemnaren for arbeidet er å utvikle samfunna våre og forvalte naturressursane på ein god måte.

Målet med arbeidet innan vassforvaltning er å beskytte miljøtilstanden i vassdraga våre, i grunnvatnet, i fjordane og langs kysten. Ei god arealplanlegging er viktig for å nå målet om god tilstand i alt vatn. Vestland har ein regional plan for vassforvaltning for 2022-2027 som skal følgjast opp og oppdaterast.


Arbeidsoppgåver

Det første året er eit vikariat der vår nye medarbeidar hovudsakleg vil arbeide som rådgjevar/saksbehandlar med desse oppgåvene:

  • koordinere vassmiljøfaglege innspel til kommunale planar
  • koordinere inngrepssakar i vassdrag og sjø
  • utarbeide innspel til ureiningssaker
  • bidra til oppfølgjing og oppdatering av den regionale planen for vassforvaltning
  • arbeide med å utvikle gode samarbeidsmåtar innan fagfeltet
  • arbeide med samlingar og formidle informasjon og kunnskap innan fagområdet

Det andre året vil vår nye rådgjevar arbeide med prosjektretta oppgåver innan vassmiljø, der arbeid inn mot akvakultur også vil inngå.

Arbeidet inneber nær kontakt med andre medarbeidarar i fylkeskommunen, og kontakt med kommunar, statsforvaltaren og andre statlege etatar, lag og organisasjonar.


Kvalifikasjonar

Vi ser primært etter ein person med god kunnskap om vassmiljø og planfag. Høgare utdanning på mastergradnivå innan naturvitskaplege fag med god kunnskap om planfag, eller høgare utdanning innan planfag med god kunnskap om naturvitskaplege fag er ønskeleg. Kravet til utdanning kan fråvikast for søkjarar som har særs god og relevant praksis. Stillingstittel vert fastsett ut frå utdanning og erfaring.

Det er ein fordel med:

  • kjennskap til og gjerne erfaring frå offentleg forvaltning
  • erfaring med arbeid innanfor fagområda vassforvaltning og plan
  • kunnskap om plan- og bygningslova og vassforskrifta

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner og positiv innstilling
  • Evne til å ta initiativ og ansvar - og arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Utviklingsretta og løysingsorientert
  • Gode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter avtale
  • fleksibel arbeidstid
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Her kan du bli betre kjent med oss: Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune

Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.

Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 2, 6863 Leikanger
Flere arbeidssteder
  • Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Rådgivning,
Saksbehandler
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

vannforvaltning, offentlig forvaltning, saksbehandling, miljøvern, arealplanlegging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Merete Farstad
Stillingstittel
Fagkoordinator vassforvaltning
Telefon
97 74 23 81
Kontaktperson
Endre Høgalmen
Stillingstittel
Seksjonssjef naturressursar, landbruk og reiseliv
Telefon
95 20 77 89
Følg firma
1076 følger dette firmaet

Askedalen 2, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 347733818
Sist endret 30. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse