Inaktiv

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Os barneskule
Stillingstittel
Undervisningsstilling ved Os barneskule
Frist
22.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har ledig 100% stilling eller meir

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Bjørnafjorden kommune med ca. 25 000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover. Hausten 2022 opna ny E-39 til Bergen med halvering av reisetid.

Arbeidsstad
Os barneskule ligg i sentrum av Os. Skuleåret 2023/2024 har vi ca. 200 elevar og 30 tilsette.
Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt barna.

Visjonen vår er "Livsglede og lærelyst". Les gjerne meir om skulen på nettsida: http://www.osbarn.gs.hl.no

Arbeidsoppgåver
Undervisningsstilling, der dei som søker på stillinga må vere førebudd på å vere både kontaktlærar, timelærar og vikartimar

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent. Det vil sei at du må kunne vise til både:
- "godkjenning av utenlandsk høyere utdanning" 
- "godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Skulen ønskjer fortrinnsvis lærarar med grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn.
Det er ønskjeleg med kompetanse i basisfaga og eit eller fleire praktisk estetiske fag, mat og helse, i tillegg til dei andre basisfaga. Gode digitale ferdigheiter, kompetanse innan spesialpedagogikk og særskilt norsk er også ønskeleg.
Vi treng ein medarbeidar som har god  kjennskap til LK-20 og som kan sjå dei praktisk estetiske faga og kreativitet opp mot dei teoretiske faga, - og planlegge for tverrfaglegheit og djupnelæring.

Skulen treng pedagogar som er tydelege og engasjerte rollemodellar og klasseleiarar.
Du må vere fleksibel, ha gode samarbeidsevner og stor arbeidskapasitet.
Vi ønskjer oss ein raus kollega med god relasjonskompetanse.  Du må ha positive haldningar og bidra aktivt til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.
Søkarane vil bli vurdert i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng.
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

 

 

 

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor

Nøkkelord

Lærar, Lærer, Lektor, Undervisning, Undervisningsstilling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Laila Aarbakke
Telefon
47 67 02 91
Kontaktperson
Stian Lunde
Telefon
93 03 88 50
Følg firma
484 følger dette firmaet

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 347728823
Sist endret 23. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse