Inaktiv

Me søkjer

Arbeidsgiver
Samnanger kommune
Stillingstittel
Vikariat som sjukepleiar/vernepleiar i bufellesskap
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Vikariat som sjukepleiar/vernepleiar i bufellesskap

Om stillinga

Ledig 100 % vikariat som sjukepleiar/vernepleier ved Skottabakken bufellesskap. Skottabakken bufellesskap ligg sentralt i Samnanger, 40 min. køyring frå Bergen sentrum. Turnusarbeid med kvar 6. helg pga langvakter.  

I 2019 flytta bebuarane inn i nytt bufellesskap på Skottabakken, og eit nytt senter for funksjonshemma vart dermed opna i Samnanger. Tiltaket er tilrettelagt for bebuargruppa, noko som blir gjenspegla i utforminga av bygning og uteområde.  

Me søkjer etter ein engasjert og dyktige medarbeidar som likar å jobbe tett på menneskjer, har stort engasjement og kan stå i ein hektisk, men spennande kvardag. Me ynskjer deg som vil vera med på å utvikla faget og tilbodet og skapa eit miljø for utvikling og rettleiing.  

Er du glad i friluftsliv og fysisk aktivitet? Bidreg du til eit godt miljø for dei rundt deg? Er du nytenkjande og løysingsorientert? Då ønsker me at du søker!
Om du i tillegg er mann, vil me oppmoda deg særskilt om å søkja. 


Arbeidsoppgåver

  • Pleie og miljøterapi 
  • Primærkontaktansvar 
  • Utarbeiding av prosedyrer 
  • Medansvarleg for dokumentasjon og medikamenthandtering 
  • Ansvar for å gje hjelp ut i frå brukaren sitt vedtak og til avtalt kvalitet 
  • Ansvar for gjennomføring av tiltak jf. HOL. kap. 9 
  • Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrer blir følgd 
  • Fokus på fagutvikling 
  • Miljøarbeid, turar, aktivitet
  • Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak 
  • Veiledning og opplæring av medarbeidarar og studentar 
  • Bidra til godt samarbeid med brukarar og pårørande 
  • Bidra til godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

Krav

  • Autorisert vernepleiar/sjukepleiar og gjerne med erfaring frå miljøarbeid
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Søkjarar må ha førarkort klasse B
  • Den som vert tilsett, må leggja fram godkjent politiattest, jf. krav i helse- og omsorgstenestelova p.5-4.

Ønskjer

  • Positivt med vidareutdanning innan psykisk helse
  • Kompetanse eller erfaring med utviklingshemma/psykiatri
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og strukturert 
  • Godt humør 
  • Løysingsorientert og endringsvillig 
  • Fleksibel og lojal 
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • Motiverande og engasjerande medarbeidar 

Me tilbyr

  • Arbeid kvar 6. helg
  • Årsturnus
  • Arbeid i team med gode kollega
  • Utfordrande og varierte oppgåver
  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsmilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar

Arbeidstilhøve

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.


Om oss

Skottabakken stod ny i 2020 og ligg i gangavstand til Bjørkheim senter.

Skottabakken består av 10 leilegheitar, samt ein avlastarleilegheit. Bufellesskapet har bebuarar med utviklingshemming, ulike funksjonsnedsettingar med behov for pleie og omsorg, og tilrettelagt bu- eller aktivitetstilbod.

På Skottabakken er det lagt stor vekt på at brukarane får eit godt butilbod, aktivitet og eit godt helsetilbod. Tilsette er genuint opptatt av å skapa tryggleik og trivsel og jobbar tett med bebuarane si eiga meistring. Ei stabil faggruppe med høg kompetanse.


Om arbeidsgiveren

I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV, PPT og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.

Sektor
Offentlig
Sted
Reistadliane 17, 5652 Årland
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Janne Drevsjø
Stillingstittel
Einingsleiar pleie og omsorg
Telefon
41 01 11 19
Følg firma
32 følger dette firmaet

Reistadliane 17, 5652 Årland

Annonseinformasjon

FINN-kode 347712060
Sist endret 29. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse