Inaktiv

Vil du bli med på laget rundt ungdommane våre?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Fusa ungdomsskule
Stillingstittel
Undervisningsstillingar ved Fusa ungdomsskule
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune
Ledige inntil 300% faste undervisningsstillingar frå 01.08.2024. Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune.Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst. Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og - ikkje minst - gjere det vi seier.
Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad
Fusa ungdomsskule, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen
Nye, moderne og flotte Fusa ungdomsskule ligg mellom fjord og fjell sentralt plassert i Eikelandsosen. Like ved finn ein idrettsanlegg og fleirbrukshall. Skuleåret 2024 2025 er det omlag 140 kjekke elevar, og eit utviklingsorientert og humørfylt personale på skulen. Arbeidsoppgåver
Undervisning i fleire fag på ungdomstrinnet

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid. Vi ser etter medarbeidarar som:
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid- er framtidsretta innan digital undervisning
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega Skulen har særleg behov for kompetanse innan: faga tysk, matematikk, engelsk, musikk, kroppsøving, norsk, kunst & handverk og naturfag. Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Søknadar blir behandla fortløpende. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. Vi tilbyr- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med nann, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Brakabygda 43, 5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

lærer, adjunkt, undervisning, ungdom

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vivi Irene Fosse
Telefon
91 72 77 24
Følg firma
488 følger dette firmaet

Brakabygda 43, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 347627981
Sist endret 1. mai 2024 00:00

Rapporter annonse