Inaktiv

Ingeniør Veg, vatn og avløp

Arbeidsgiver
Midt-Telemark kommune
Stillingstittel
Ingeniør Veg, vatn og avløp
Frist
29.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Teknisk sektor med avdeling for veg, vatn og kloakk har ansvar for drift og vedlikehald av ca. 35 mil med vatn- og avløpsleidningar. I tillegg har avdelinga ansvar for 17 mil med kommunale vegar, 3 vassverk og 5 avløpsreinseanlegg.
Avdelinga har eit godt arbeidsmiljø med 12 tilsette i alder frå 30-åra til over 60 år. Vi har fokus på å jobbe i team og alle bidrar for å løyse dei utfordringane det fører med seg at anlegga skal fungere 24 timar i døgnet heile året. Dette er verdiar det vil bli lagt stor vekt på.

Arbeidsoppgåver

Viktige arbeidsoppgåver for stillinga vil mellom anna være:

  • Delta i planlegging av drift, internkontroll, vedlikehald og investeringar innan veg, vatn og avløp
  • Prosjektledelse
  • Deltagelse og bidra i fagplanar
  • Rapportere til sentrale mynde
  • Arbeid med kommunens styrings- og driftsovervakingssystem

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar:

  • Relevant ingeniørutdanning, bachelornivå
  • Høveleg praktisk erfaring kan i spesielle tilfelle kompensere for utdanningskravet

Ønska kompetanse

  • Erfaring frå tilsvarande arbeid
  • Søkjar bør kunne meistre begge målformer

Særskilde krav

  • Førarkort kl. B
  • Disponere bil

Personlege eigenskapar

  • Nysgjerrig og interesse for faget.
  • Prosjektforståing
  • Resultat- og løysningsorientert.
  • Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner.
  • Lagspelar, med evne til å spele andre gode.

Personlege eigeneskapar vil bli lagt vekt på.

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

Om arbeidsgiveren

Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar.
Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Sektor
Offentlig
Sted
Gullbringvegen 20, 3800 Bø i Telemark
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / VAR-teknikk,
Ingeniør / Vassdrag
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Ingeniør, VAR

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lars Tore Svendsen
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
91 73 22 95
Følg firma
4 følger dette firmaet

Gullbringvegen 20, 3800 Bø i Telemark

Annonseinformasjon

FINN-kode 347612802
Sist endret 30. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse