Inaktiv

Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Helse Førde
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Kom å bli med! Vi utvidar sengeposten og treng derfor fleire positive og engasjerte tilsette med oss på laget.

ANRR – avdeling for Nevrologi,revmatologi og rehabilitering skal hausten 2024 flytte i flott nytt bygg med einerom til alle våre pasientar. Vi ser fram til nye moderne lokaliterar med stor entusiasme. Dette håper vi at du også vil bli med på.

Idag består sengeposten av 19 sengeplassar og skal frå hausten auke opp til 26 sengeplassar.

Den nye sengeposten vår skal bestå av 14 nevrologisenger, der to av desse vert overvakingssenger for slagpasientane i akuttfasen. Rehabilitering er eit satingsområde og vi jobbar mot å tilby 8 senger for spesialisert rehabilitering. Eksempel på type rehabilitering kan vere etter gjennomgått hjerneslag, traumer, opptrening etter amputasjon.
Resterande senger i etasjen vil nyttast som utlokaliserte senger frå andre sengepostar. Det kan vere pasientar tilknytta kirurgi og kreft, men også andre fagfelt.

Den nye sengeposten vil bli ein svært spennande og lærerik arena, men gode moglegheiter for fagleg utvikling innanfor mange ulike fagfelt, men spesielt innanfor nevrologi og rehabilitering.

I denne prosessen kan det bli mulighetar for at nokre stillingar kan delast eller kombinerast med andre stillingsforhold.

Vi ønsker deg velkomen som søkjar


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for sjukepleiefaglige oppgåver som pasientoppfølging, forsvarlig medikamenthandtering, legevisitt, samtaler med pårørende med mer
  • Dokumentasjon (Dips,Meona,Imatis).
  • Undervisning og veiledning av andre yrkesgrupper, kollegaer, pasientar, pårørande og studentar
  • Delta i tverrfaglig team omkring pasientar med koplekse problemstillingar og med behov for koordinerte tenester
  • Bidra i relevant forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
  • Praksis eller interesse for dei aktuelle fagområda

Personlege eigenskapar

  • Du må vere pasientorientert og ansvarsbevisst
  • Du må vere løysingsorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og engasjert
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Godt humør med ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Utfordrande og variert arbeid
  • Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
7
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Sjukepleiar, Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sirianne Pidic
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
92 49 93 76
Følg firma
67 følger dette firmaet

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 347592146
Sist endret 29. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse