Driftsleiar / Port Operations Manager i Flåm

Arbeidsgiver
Aurland hamnevesen KF / Flåm port
Stillingstittel
Driftsleiar / Port Operations Manager
Frist
10.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Arbeidsoppgåver

  • Stedfortreder for hamnesjefen.
  • Fagleg og operativt overordna ansvar for hamnesikringsarbeid/ISPS, HMS og aktivitetsområda i hamna.
  • Særskilt ansvar innanfor hamnesikring som sikringsleiar for hamneanlegget og del i turnus som PFSO.
  • Marknadsføring og sal av Flåm som cruisedestinasjon.
  • Tett oppfølging av kundar, agentar og reiarlag.
  • Stillinga inngår som del av eit team innanfor drift, forvaltning, utviklingsprosjekt og forretningsmessig verksemd. I stillinga inngår sakshandsaming for Aurland hamnevesen KF sitt forvaltningsområde og saksførebuing for hamnestyret.


Endringar i arbeidsoppgåver må påreknast.


Kvalifikasjonar

Det vert føresett at søkar har relevant høgskuleutdanning. Gode kunnskapar og erfaring frå bruk av IKT som verktøy for styring, rapportering, kommunikasjon og sakshandsaming. Dersom du har erfaring innan leiing, vil dette verte vektlagt.

Me ser etter ein person med relevant erfaring frå reiseliv og/eller offentleg forvaltning. Relevant erfaring innan stillinga sitt fagområde kan kompensere for mangel på formell utdanning. Me ynskjer at du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Det vil verte gjeve opplæring i bruk av dei fagsystema som vert nytta.


Personlege eigenskapar

Me søker etter ein medarbeidar som har gode samarbeidsevner og er engasjert, med evne til å skape entusiasme og oppslutning omkring sitt arbeidsområde, er initiativrikt og utviklingsorientert. Desse personlege eigenskapane vil verte vektlagt spesielt ved tilsetjinga. Søkar må kunne arbeide sjølvstendig, vere fleksibel og resultatorientert. Det forventast at den som vert tilset kan ta i eit tak når det trengst og på eige initiativ. Gode haldningar til HMS og kvalitetsutvikling er viktig.

 

Me tilbyr

·        Interessante, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.

·        Eit godt arbeidsmiljø

·        God pensjonsordning og forsikringsordning.

 

Lønns- og tilsettingsvilkår

Lønn etter avtale. Medlemskap i pensjonskasse. 


Søknad

Send søknaden din på e-post til post@aurlandhavn.no. Legg ved søknadsbrev og CV. I søknaden gjev du opp minimum to referansar. Vitnemål og attestar tek du med ved eventuelt intervju.

Aurland hamnevesen KF gjer merksam på at opplysningar om søkarar kan verte gjort offentleg sjølv om søkaren har bede om ikkje å verte ført på den offentlege søkarlista.


Om arbeidsgiveren

Aurland hamnevesen KF er organisert som eit kommunalt føretak. Føretaket er ansvarleg for drift av offentlege hamner og kaianlegg i Aurland kommune.

Hamnevesen driftar Flåm cruisehamn, kjent som ei av verdas mest attraktive cruisehamner. Hamna er inne i ei spanande utvikling, og har ambisiøse mål for framtida. Berekraftig hamnedrift, vidareutvikling av infrastruktur og nullutsleppsmål er blant fokusområda som skal styre hamna sine prioriteringar og aktivitetar framover. Det skal investerast over 100 millionar kroner i utviklingstiltak som blant anna kaiutviding og landstraum for cruiseskip. Dette gir den rette kandidaten høve til å vere med på ei stor utvikling.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
A-feltvegen 27, 5743 Flåm
Bransje
Offentlig administrasjon,
PR, informasjon og kommunikasjon,
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester,
HR, personal og rekruttering,
Planlegger
Arbeidsspråk
Norsk,
Engelsk

Nøkkelord

reiseliv, havn, cruise, offentlig, ledelse

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tor Mikkel Tokvam
Stillingstittel
Hamnesjef
Telefon
41 20 20 88
Mobil
41 20 20 88
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Noralv Distad
Stillingstittel
Styreleiar
Telefon
91 37 49 76
Mobil
91 37 49 76
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
1 følger dette firmaet

A-feltvegen 27, 5743 Flåm

Annonseinformasjon

FINN-kode 347584010
Sist endret 8. apr. 2024 14:25

Rapporter annonse