Inaktiv

Vi søkjer etter arkivar til Noregs fremste faktaleverandør

Arbeidsgiver
Statistisk sentralbyrå
Stillingstittel
Arkivar
Frist
22.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statistisk sentralbyrå
I SSB er det ledig ei fast stilling som arkivar, med arbeidsstad Kongsvinger.

SSB har heilelektronisk arkiv og bruker Websak som sak- og arkivsystem. Vi bruker i tillegg Webcruiter som rekrutteringssystem og Mercell somkonkurransegjennomføringsverktøy. Det meste av kommunikasjonen internt, og med omverda, ergjennom digitale kanalar. Altinn er derfor eit viktig verktøy for oss. Stillinga er plassert i Seksjon for eigedom, arkiv og administrative system.

Kva vil oppgåvene dine vere?

  • Bidra i utviklingsprosjekt innan arkiv og saksbehandling
  • Bidra til å effektivisere arbeidsprosessar, implementere endringar og sikre etterleving
  • Bidra i utarbeiding og innføring av nye rutinar
  • Bidra med å organisere og gjennomføre arkivering av digitalt grunnlagsmateriale
  • Rettleiing innan arkivfaglege spørsmål
  • Daglege driftsoppgåver som journalføring og kvalitetssikring av offentleg journal, overvake postmottak, Altinn og andre digitale kanalar
  • Brukarstøtte i saks-/arkivsystemet
  • Opplæring både individuelt og for grupper
  • Bidra med å organisere og gjennomføre ordning av materiale
  • Andre arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle

Kva kompetanse har du?

    Du må ha:

    • Relevant utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule- eller universitet
    • Minst tre års erfaring innan arkiv- og/eller informasjonsforvaltning
    • Godt kjennskap til lovverk som regulerer offentleg saksbehandling og arkiv
    • God digital kompetanse
    • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
    • Gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
    • Du må kunne bli tryggleiksklarert
    • Relevant erfaring kan kompensere for krav til utdanning

    Det er ein fordel med:

    • Erfaring med bruk av Websak Basis og Websak+
    • Erfaring med bruk av Altinn
    • Erfaring med bruk av Webcruiter integrert med Websak
    • Erfaring med ordningsarbeid
    • Erfaring med registrering i Asta
    • Erfaring fra offentleg sektor

    Hvem er du?

    • Serviceorientert og omgjengeleg lagspelar
    • Sjølvgåande, ansvarsmedviten og proaktiv
    • Har evne og interesse for å lære nye ting
    • Fleksibel og løysingsorientert
    • Du liker å dele kompetansen din med andre
    • Detaljorientert og kvalitetsbevisst

    I SSB får du

    • Jobb i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag. Vi har stor tillit hos befolkninga og blant avgjerdstakarar, og som medarbeider i SSB blir du del av eit stort fagmiljø. Du vil få hyggelege og interessante kollegaer med svært ulik bakgrunn.
    • Gode høve for utvikling, samarbeid og nettverksbygging. Vi har nytilsetteprogram, årleg hackathonog arrangement for fagleg deling på tvers
    • Løn som rådgivar/seniorrådgivar, kr 557 100 - 708 000 etter kvalifikasjonar. Høgare løn kan vurderes for søkarar som er særleg godt kvalifiserte
    • Fleksitid og sommertid i perioden 15. mai til og med 14. september
    • Godt miljø også utanom arbeidstid, med idrettstilbod og ulike sosiale aktivitetar. Høve til å trene ein time per veke i arbeidstida, med treningsrom i kontorlokala
    • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår
    • Frå sommaren 2025 høve til å arbeide i SSBs lokalar i nytt bygg ved Kongsvinger stasjon

    Verdt å merke seg:

    • For at vi best mogleg skal kunne vurdere søknaden din, treng vi at du innan søknadsfristen registrerer relevant dokumentasjon i den elektroniske søkjeportalen (attestar, vitnemål osv.). For kandidatar som vi vurderer å tilsetje, kan vi utføre bakgrunnssjekk og kontroll av dokumentasjon.
    • Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste, som kan bli gjort tilgjengeleg for dei som ber om innsyn i lista. Det er mogleg å få unntak frå å stå på denne søkjarlista. Då må du i så fall grunngi kvifor du ønskjer å få unntak. Vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.
    • SSB skal vere ein god stad å jobbe for alle, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse framtidas oppgåver. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandrarbakgrunn vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer på stillinga. Det gir deg moglegheit for å få positiv særbehandling. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Dersom du har behov for særskild tilrettelegging, vil vi strekkje oss langt for å imøtekomme behovet ditt

    Om arbeidsgiveren

     Statistisk sentralbyrå - tall som forteller
    Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovedansvaret for utvikling, utarbeiding og formidling av offisiell statistikk i Norge. Statistikk, forskning og analyse fra SSB bidrar til innsikt om samfunnsutviklingen, danner grunnlag for det offentlige ordskiftet og gir mulighet for informerte beslutninger.
    SSB er en kunnskapsorganisasjon med faglig utfordrende arbeidsoppgaver og gode utviklingsmuligheter. Vi har et stort kontaktnett, også internasjonalt. Vi har 830 medarbeidere lokalisert i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuere over hele landet. Kompetente og motiverte medarbeidere er avgjørende for at vi skal kunne nå målet om å være den fremste leverandøren av fakta om norske samfunnsforhold. 

    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Otervegen 23, 2211 Kongsvinger
    Hjemmekontor
    Delvis hjemmekontor
    Bransje
    Arkiv og bibliotek,
    Offentlig administrasjon
    Stillingsfunksjon
    Arkivar og bibliotekar,
    Kontor og administrasjon
    Arbeidsspråk
    Norsk

    Nøkkelord

    arkivar, arkivfag, websak, informasjonsforvaltning, ordningsarbeid

    Spørsmål om stillingen

    Kontaktperson
    Jenny Carlsson
    Stillingstittel
    Rådgiver
    Telefon
    48 02 56 40
    Kontaktperson
    Heidi Nylænder
    Stillingstittel
    Seksjonssjef
    Telefon
    97 50 29 43
    Følg firma
    1194 følger dette firmaet

    Otervegen 23, 2211 Kongsvinger

    Annonseinformasjon

    FINN-kode 347580425
    Sist endret 23. apr. 2024 00:04

    Rapporter annonse