Inaktiv

Byggeleiar,Voss

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Byggeleiar,Voss
Frist
22.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Arbeidsoppgåver

Som byggeleiar vil di hovudoppgåve vere å kontrollere og fylgje opp driftsentreprenøren sitt kontraktsarbeid i samarbeid med byggeleiar og kontrollingeniør. I tillegg vil du ha ansvar for følgande oppgåver;

  • Fagleg hovudansvar for gjennomføringa og oppfølging av driftskontrakt
  • Delta i utarbeiing av konkurransegrunnlag
  • Rapportere på økonomi, kvalitet, framdrift og HMS
  • Koordinere arbeidet med andre faggrupper
  • Ha kontakt med andre myndigheite
  • Vere SHA-koordinator og YM-koordinator med mindre anna er bestemt av prosjektleiar

For å løyse disse oppgåvene er det viktig at du er kvalitetsbevisst og kan arbeide systematisk med dokumentasjon. Du har har gode kunnskapar i bruk av IKT som arbeidsverktøy.

Kvalifikasjonar

Du må ha relevant utdanning frå høgskole-/universitet, min 3 år. Dersom du har utdanning frå fagskule og lang relevant erfaring frå fagområdet, kan dette kompensere for manglande høgare utdanning.

Personlege eigenskapar

Stilinga som byggeleiar krev at du har mykje kontakt med både entreprenør, publikum og eigne kollegaer, så gode kommunikasjons – og samarbeidsevner vil difor vere viktig. Du er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne. Du trivast med å jobbe sjølvstendig, men du bidreg også godt både i det sosiale og faglege fellesskapet. Det vil vere ein fordel om du har erfaring frå drift – og vedlikehald av veg.
Du må ha førarkort klasse B

Vi tilbyr

Du som vert tilsett hos oss vil få ein fagleg utfordrande og spanande stilling med stor samfunnspåverknad. I eininga vår har vi eit godt og tett samarbeid med eit inkluderande fagmiljø. Vi har stor breidde i oppgåvene våre og gode mogelegheiter for fagleg utvikling. Vi jobbar tverrfagleg og lærer mykje av kvarandre. Arbeidsmiljøet vårt er uformelt og vi skårar høgt på internt samarbeid og arbeidsglede.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Gurid Allmenningens plass 1, 5704 Voss
Bransje
Bygg og anlegg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Ingeniør,
Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

veg, kontrakt, samferdsel, byggeleder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mariann Kråkenes Jørgensen
Stillingstittel
leiar
Telefon
95 08 87 63
Følg firma
1076 følger dette firmaet

Gurid Allmenningens plass 1, 5704 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 347578121
Sist endret 23. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse